FISKERINÆRINGA: – Ordninga som har ein relativt lav prislapp blir nedprioritert på kostnad av ungdom som ønskjer å få erfaring innanfor fiske, men som no ikkje får moglegheita, skriv Christian Brekke, leiar i Sunnhordland Unge Høgre. Foto: Privat

«Det må bli enklare for ungdommar å komma inn i fiskenæringa»

Eit nytt år, ei ny regjering, ein ny fiskesesong. Me byrjar å nærma oss registreringa til ungdomsfiskeordninga som vanlegvis opnar i april. Ungdomsfiskeordninga er ei ordning for ungdom mellom 12 og 25 som lar ungdommar drive fiske i sommarferien og omsetta fangst for opptil 50.000 kr. Ordninga er eit viktig tiltak som gjer det lettare for ungdom å komma inn i fiskenæringa.

Solberg-regjeringa gjekk i fjor inn for å gje fleire unge ein moglegheit til å fullføra draumen om å bli ein fiskar, og setta av 2 millionar kroner til eiga ungdomsfiskeordning. Ungdomsfiske skulle følgja den såkalla Gamvik-modellen der kommunar kan søka om pengar for leige av fiskebåt og skipper. Dette gir også dei som ikkje kjem frå ein fiskarfamilie moglegheit til å ha fiske som sommarjobb. Difor tok den førre fiskeriministeren Odd Emil Ingebrigtsen (H) grep, og fekk forslaget sitt om å innføra Gamvik-modellen inn i statsbudsjettet. Det skulle bety at alle kommunar kunne søka tilskot frå denne ordninga.

Men så kom den nye regjeringa som har valt å fjerna tilskotet frå ordninga i det kommande statsbudsjettet. Ordninga som har ein relativt lav prislapp blir nedprioritert på kostnad av ungdom som ønskjer å få erfaring innanfor fiske, men som no ikkje får moglegheita. Nedprioriteringa er og ein del av eit større problem om korleis det er for vanskeleg for ungdom å komma inn i fiskenæringa. Berre ein av fem fiskarar er under 30 år, det kan skuldast fleire faktorar som at det er få vidaregåande skular som tilbyr akvakultur, opplæringskontor har lite informasjon om utdanning innanfor næringa, og at det er få som kjem frå familiar med bakgrunn frå fiske.

Ordninga skapar innsikt i korleis det er å jobba i fiskenæringa, og gir unge nyttig erfaring med fysisk arbeid. Tilskotet har vore godt brukt av kommunale ressursar i Gamvik der over 40 ungdommar deltok i fjor sommar og fekk erfaring frå fiskebåt. Ordninga bør bli vidareført nasjonalt for gje ungdommar over heile landet som ikkje kjem frå ein fiskarfamilie, til tena pengar og få erfaring og innsyn innanfor fiskenæringa.

Christian Brekke, leiar i Sunnhordland Unge Høgre