Alternativ veg: Det må gå an å improvisera og setja inn den eine av ferje som går til Ranavik, når stenging av Stordabrua eller Bømlafjordtunnelen blir langvarig, meiner brevskrivaren. Foto: Egil Blomsø

Det må kunne gå an å improvisera

Sist torsdag, då Stordabrua/Bømlafjordtunnelen var stengd i mange timar på grunn av den tragiske ulukka, sat eg og åt komlemiddag på Skjersholmane. Då kom fleire innom ferjekroa og spurde om enklaste vegen sør- og austover. Då slo det meg at i slike situasjonar, der ein ser at stenginga vert langvarig, så må vel ein eller annan som «har noko med det» kunna skjera gjennom byråkratiet og på kort varsel bestemma at den eine av ferjene til Ranavik vert sett inn i skytteltrafikk mellom Skjersholmane og Valevåg, (dersom ferjekaien der er operativ, men visst ikkje er i alle fall den på Utbjoa det)?

Då slapp ein kilometerlange bilkøar på begge sider. Det fører sjølvsagt til redusert kapasitet til/frå Ranavik, men det skjer jo frå tid til annan at den eine ferja der er innstilt ein eller fleire turar av ymse grunnar utan at det fører til dei heilt store problema, og i krisesituasjonar må ein kunna improvisera. Det er vel ikkje så byråkratisk at det må kallast inn til krisemøte i Samferdslekomiteen på Stortinget først?

Jakob Vik

Stord