OPPGJER: «No er det på tide med eit politisk oppgjer med den ideologien som førte til åtaka», skriv Odd Harald Hovland (Ap). Her frå markeringa i Leirvik 25. juli 2011. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det mangelfulle oppgjeret

Det er 10 år sidan åtaket på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011. Ein høgreekstrem terrorist valde Arbeiderpartiet og AUF som politiske mål for terroren, og tok 77 liv. Utallege andre fikk liva sine endra for alltid.

Frå Vestland fylke vart seks menneske drepne. Seks engasjerte menneske som brukte fritida si på politikk. Fleire av dei utmerka seg allereie som store politiske talent. Dei vart skotne og drepne fordi dei var politisk engasjert. Me skuldar Tore Eikeland (21 år), Tarald Kuven Mjelde (18 år), Monica Iselin Didriksen (18 år), Kevin Daae Berland (15 år), Silje Stamneshagen (18 år) og Hanne Kristine Fridtun (19 år) å halde løftet om aldri meir 22. juli. Då må me snakke ærleg om det som skjedde. Dei vart utsett for det største politiske attentatet i moderne norsk historie og det var retta mot AUF og Arbeiderpartiet. 77 menneske vart drepne fordi gjerningsmannen ville råke Arbeiderpartiet og «strupe ny rekruttering».

Rett etter 22. juli 2011 førte rosetog, minnemarkeringer og ein tydeleg bodskap frå myndigheiter til at ein la politisk usemje og debatt til side for en felles front mot terror og vald. For mange direkte råka, opplevde ein dette som trygt, og som ei støtte etter dei trauma overlevande, pårørande og etterletne hadde vore gjennom. Dette er fortsatt ein viktig del av historia om Noregs møte med terroren.

No er det likevel på tide med eit politisk oppgjer med den ideologien som førte til åtaka.

I dei ti åra som har gått sidan 2011 har høgreekstremisme og høgreekstrem terror fått rom til å vekse. Frå USA til Tyskland, New Zealand og her heime– i Bærum – har vi sett at personar og grupperingar som høyrer til det same idéfellesskapet som terroristen bak 22. juli-angrepet utgjer ein trussel mot minoriteter, meiningsmotstandarar og vanlege folks tryggleik.

Parallelt med utviklinga av valdeleg høgreekstreme har me sett at den politiske høgreradikalismen og -ekstremismen utviklar seg. Høgreekstreme demonstrerer i USA, stiller til val i Tyskland og styrer Ungarn. Rundt om i heile Europa veks det fram politiske parti med politikk som søker å skape skilje mellom menneske, heller enn å bygge bruer. Her heime stiller høgreekstreme Alliansen til val på å skape splitting og å setje menneskegrupper opp mot kvarandre.

Terroren 22. juli var eit åtak på statsmakt og på politisk deltaking, men det var også eit åtak på arbeidarrørsla som set mangfald høgt. Me ser at altfor mange som hever ei røst i samfunnsdebatten opplever trugslar og hat. Nokre sporadisk, mens andre, spesielt overlevande frå 22. juli, opplever ein jamn straum av hat og direkte trugslar. Men dette gjeld også særleg kvinner, og folk med minoritetsbakgrunn. Dette er ein trugsel for demokratiet vårt.

Eit manglande oppgjer og handtering av dette samfunnsproblemet vil vere ein av dei største farane for demokratiet i vår tid.

Det er trong for ein nasjonal dugnad for å nedkjempe hat og trugslar. Samfunnsdebattantar og politikarar som bidreg til å fyre opp dette sinnet må ikkje få stå uimotsagt.

Dersom me skal greie å stå samla mot den valdelege ekstremismen må me alle ta ansvar for korleis vi snakkar om andre, kva som er greitt. Me må slå ned på det når vi høyrer rasistiske ytringar. Ytterleggåande og farleg språk må påpeikast, alltid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstremisme oppstår ikkje tilfeldig og plutseleg. Den må nedkjempast før den får fotfeste. Kampen mot framandfrykt, konspirasjonsteoriar og rasisme må kjempast i skulen, på arbeidsplassen, på sosiale mediar og kring middagsbordet. Islamfiendtlege og antisemittiske haldningar fins også i Noreg: Ifølge Holocaust-senteret har 34 prosent av folk utprega fordommar mot muslimar og 8 prosent har antisemittiske haldningar.

Arbeidarpartiet vil setje ned ein eigen ekstremismekommisjon som skal granske korleis samfunnet svikta i forkant av terroråtaka 22. juli. Dette er eit krav AUF har stilt for å gå djupare inn i korleis ekstremismen oppstår og lære meir om kva for tiltak som fungerer for å førebygge og motverke radikalisering og ekstremisme. Det er livsviktig å setje i gang med dette arbeidet. For gjerningsmannen den 22. juli var aleine om handlingane, men han var ikkje aleine om holdningane.

Odd Harald Hovland, stortingskandidat, Arbeiderpartiet