VESTLANDET: – Vi skal slåst for betre vilkår for små og store jobbskaparar, skriv Sveinung Rotevatn (til v.) og Alfred Bjørlo, begge stortingsrepresentantar for Venstre. Foto: Vestland Venstre/Helle Frogner

Det uvanlege Vestlandet

«No er det vanlege folks tur», seier den nye regjeringa. Då kan vi i alle fall slå fast éin ting etter å ha sett den nye regjeringa sitt budsjettframlegg for 2022: Vestlendingar er ikkje vanlege folk.

Vestlandet er verdiskapings-landsdel nr. 1 i Noreg. Sjølv sett vekk frå petroleumsverdiane i Nordsjøen, kjem nær 40 prosent av samla norsk eksport frå Vestlandet. Tusenvis av små og mellomstore bedrifter, oftast lokalt eigde, er ryggraden for busetnad og velferd på Vestlandet. Desse bedriftene får no i «morgongåve» frå Ap og Sp-regjeringa ein kraftig skattesmell. Akkurat i det dei skal til å reise seg etter korona-unntakstida, investere for framtida og skape nye jobbar.

Utanlandsk eigde bedrifter og statleg eigde bedrifter slepp unna i det nye Ap/Sp-regimet: Det er dei lokalt eigde, heilnorske småbedriftene og familiebedriftene som får svi med auka skattar.

Samstundes går regjeringa målretta til verks med å kutte satsingane på dei som skal skape den nye, grøne framtida på Vestlandet. Det grøne investeringsselskapet Nysnø i Stavanger får kutta sitt budsjett med 400 millionar kroner, og det blir kutta i Miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg som mange Vestlands-bedrifter har nytt godt av. Den nye regjeringa skaper også utryggleik for EØS-avtalen – som er livsviktig for store deler av Vestlandet sitt næringsliv.

Universitetet i Bergen og Høgskulen i Vestlandet er utvald av Ap/Sp-regjeringa til å få ekstra store budsjettkutt i 2022. Midlane til å gjere det lettare å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo blir kutta. Det største nye infrastruktur-prosjektet på Vestlandet, Stad Skipstunnel, blir skyvd ut i tid og kutta. Riksveginvesteringane blir kutta med 270 mill. NOK – i eit nullsumspel for å finansiere billigare ferjer. Ålesund og Haugesund blir kutta frå lista over byar som kan få ekstra statleg drahjelp til betre kollektivtransport, og arbeidet med å reinse Store Lungegårdsvann i Bergen blir avblåst.

Venstre meiner tida er inne for å satse sterkare på Vestlandet. Då må staten si rolle vere heilt annleis enn strategien frå den nye Ap/Sp-regjeringa, som er å «skru til skruen» rundt dei private verdiskaparane, kutte i høgare utdanning og forsking og satse meir på statleg sentralstyring. Den resepten skaper ikkje eit sterkare Vestland, og set ikkje fart på det nye, grøne næringslivet som Vestlandet no skal skape saman.

Venstre er klare til å bygge Vestlandet sterkare, grønare og endå meir mangfaldig. Vi skal slåst for betre vilkår for små og store jobbskaparar, auka trøkk i den grøne omstillinga, utflytting av statlege arbeidsplassar og sterkare satsing på byar og tettstadar som motorar for framtidas Vestland. Venstre-politikk er Vestlands-politikk – uansett kor vanlege eller uvanlege vestlandingar er.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre (Finanskomiteen)

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre (Næringskomiteen)