NY TRASÉ: «Dette inneber nokre avgrensingar på deler av private vegar og parkering, samt innmarksområda, men med gode høve til å komma seg i utmarka», skriv Torstein Leth, styreleiar i Brunstad Kristne Menighet Stord. Foto: Arkiv/privat

Det vil vera eit stort pluss med tursti frå Rutle

Dette skreiv Kulturtenester bl.a. som innspel til reguleringsplanen for Rutle om å få innarbeidd ein tilkomstveg frå den planlagde nye parkeringsplassen og ut i skog og mark.

Det er nettopp å få dette «plusset» på plass me særleg legg til rette for no når me ser at interessa for det vakre turområde i utmarka vår har auka vesentleg det siste halvanna året. Dette inneber etablering av tursti frå Rutle med tilhøyrande parkeringsplassar i samarbeid med Stord- og Fitjar turlag. Dette trur me blir ei veldig god løysing.

Les også
Dette får turgåarar til å reagera: – Ein sperrar av eit mykje brukt turnett

Det vart i ein artikkel i denne avisa referert til reguleringsplanen for Rutle som vart vedteke 13.05.04. Denne inneheld ei omfattande utgreiing relatert til omsynet for friluftsinteresser. Samstundes kjem det også fram i reguleringsplanen at når det gjeld friluftsinteresser, er det ikkje regulert gangtilkomst for ålmenta, samt at rettane til passasje er avgrensa etter friluftslova då det er dyrka mark i området. I praksis vil det seie at den er avgrensa til den tida marka er frosen eller snølagt. I tillegg er det innanfor konferansesenteret eit våningshus med gardstun som vert nytta til bustad med dei avgrensingane som gjeld for dette.

Les også
Dette seier styreleiaren om privat-skiltet

Vidare er utmarksområdet i Dalskaret med Dalskarvatnet og dei omkringliggjande vatna handsama i reguleringsplanen med bl.a. følgjande utgreiing; «Området i Dalskaret med Dalskarvatnet og dei omkringliggjande vatna er rekna som naturskjønt, og vert nytta av ålmenta til tur- og friluftsformål. Det er godt tilrettelagt for denne bruken gjennom stisystem på austsida av Rutletjødno med utgangspunkt i parkeringsplass i Hustredalen». «På sørsida av Rutletjødno går det ein umerka sti frå rv 545 og bort til det tilrettelagte stisystemet. (Jmf. Turkart for Stord og Fitjar, Naturvernforbundet 2000)»

Om vegane inn til området kan ein lesa at «Når det gjeld vegar inn til området er desse regulert som private vegar då det er eigedomane 33/2 og 62/3 som har ansvaret for opparbeiding og vedlikehald. Miljøverndepartementet sin rettleiar for reguleringsplanar, T1381, går føljande fram om reguleringsformålet «privat veg»: «Formålet omfatter private veger som ikke er åpne for allmenn ferdsel, og ikke går inn under veger etter §25 nr. 2,3,4 eller 5 (fellesområder)». Ein har ikkje sett det som aktuelt å regulera vegtilkomst som offentleg veg».

Les også
Ferdsel til fots og skilt

Slik eg ser det er vår oppgåve å finne beste løysing for å møte behova til dei ulike leigetakarane av konferansesenteret inkludert naudsynte tryggleikstiltak, samstundes som me legg til rette for lett tilgang til utmarka. Dette inneber nokre avgrensingar på deler av private vegar og parkering, samt innmarksområda, men med gode høve til å komma seg i utmarka. Dette vil då bli eit tredje tursti alternativ som i tillegg har gode parkeringstilhøve.

Torstein Leth, styreleiar i BKM Stord