VIKTIG: Å ha barnehagar der folk bur er viktig, meiner dei tilsette i Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Dette handlar om å ha eit godt barnehagetilbod der folk bur

I rådmannen si opphavelege innstilling vart Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter føreslått nedlagd i 2020. I budsjettsaka i november 2019 ville politikarane derimot nok anna. Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter vart trekt frå lista over kutt og sendt attende til administrasjonen med ynskje om fyldigare utgreiing der også geografi og dekningsgrad - i tillegg til økonomi, skulle vurderast.

Då rådmannen føreslo å leggja ned Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, reagerte me tilsette og foreldregruppa med overrasking. Ja, som så mange innbyggjarar i Sagvåg også gjorde. Me tilsette vart kalla inn til eit informasjonsmøte der nedlegginga nærmast vart presentert som vedtatt før den politiske handsaminga.

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska

Gjennom lesarinnlegg, høyringsuttale og andre spørsmål og kommentarar fekk me gitt eit nyansert bilete og som seinare vart stadfesta og utdjupa i administrasjonen sitt saksframlegg til oppvekstutvalet si handsaming i midten av januar. I denne førelåg tal og tekst naturleg nok utan kjensleladde skildringar. Kort fortald handla dette mellom anna om:

• Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, har eit høgt utdanna og erfarent personale. Dette gjev høg pedagogisk kvalitet, men også (relativt) høge lønnskostnadar.

• Tilbakemeldingar frå foreldra tyder på godt nøgde brukarar

• Sagvåg barnehage (avdeling Tjødnalio og avdeling Nysæter) ligg i området med lågast dekningsgrad i kommunen

• Brukarane våre vil få lang reiseveg til alternativ barneplass anna stad i kommunen ved ei eventuell nedlegging

• Årelang usikkerhet omkring kommunale barnehageplasser i Sagvågs området (jf. nedlegging av Litlabø barnehage i 2018) gjer det utrygt for foreldre i søkje plass nettopp i Sagvåg. Søkjartala må også sjåast i dette lyset.

• For mange handlar saka om Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, om det er politisk vilje til å oppretthalde eit offentlig velferdstilbod i denne bydelen, og at Sagvåg ikkje skal framstå som mindre attraktiv å bu i enn andre stader i kommunen.

Etter ei samla vurdering 21.01.19 rådde Utval for oppvekst og kultur til at Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, ikkje bør leggjast ned. Vedtaket vart fatta på nettopp eit bredt grunnlag der både politiske og økonomiske faktorar vart sett samla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Jorge del Pino vil kjempa for alle kommunale barnehagar - no står han i bresjen for Furuly

Reaksjonane lot naturlig nok ikkje vente på seg. Diskusjonen har sidan heldt fram med lesarinnlegg og kommentarar i avisa og sosiale medium. Dette er fullt forståelig, nedlegging av barnehageplassar vekkjer raskt følelsar hjå tilsette, foreldre og innbyggjarar elles.

I tida fram mot endeleg kommunestyrehandsaming seinare i februar ber me om eit ordskifte der barnehagane ikkje vert stilt opp mot kvarandre med omsyn til kvalitet - anten direkte eller indirekte. Me meiner at alle barnehagane i Stord kommune held høg kvalitet, også dei private!

Me les også i avisa at det einskilde stader vert haldne opne møter der sentrale lokalpolitikarar deltek. For å sikre mest mogeleg openheit ynskjer me at liknande møter vert haldne alle aktuelle stader.

Slik me ser det, handlar saka om å ha eit godt barnehagetilbod i relativ nærleik til der folk bur, uansett kor dei bur i kommunen. Slik vert alle bydelar gode å bu i. For Sagvåg sin del håpar me at det ikkje skal verte mindre attraktivt å bu der i framtida heller.

Med helsing frå dei tilsette i Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter

Les også
Forstår ikkje forslag om barnehage-nedlegging