MÅ RYKKJA UT: Lesarbrevforfattaren meiner det er ei enkel løysing for å sikra trafikken til Bømlo når tunnelen er stengt. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Dette kan løysast enkelt

Viser til reportasje i Sunnhordland 28 juli. Det må jo vera enkelt å få til ei løysing, berre vegvesenet gjer jobben sin. Opprett Beredskapsavtale med Stord vegstasjon og politiet på Stord. Ved stengt tunnel rykker det ut éin person frå kvar av etatane, med radioforbindelse. Desse syt for at trafikken til Bømlo får kjøra forbi i venstre felt, noko som styres av dei to nemnde etatane.

Les også
– Få orden på kaoset på vegen til Bømlo

Det er heilt talentlaust når seksjonssjef Lars Øyre skuldar på bilistane og i tillegg seier det er vanskeleg å få til noko. Det er så enkelt at vegvesenet må berre gjera jobben sin med å styra trafikken. Men då må dei vera raskare på plass. I enkelte tilfelle kunne sikkert trafikken gjennom tunnelen og vore styrt med kolonnekøyring og leiebil?

Sigmund Kroka