Kjøkenstrid: Odd Ståle Larsen (Frp) skriv i dette debattinnlegget kvifor han og partiet røysta imot Ap sitt forslag om å investera i eige produksjonskjøken for institusjonane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Difor røysta me imot eige produksjonskjøken i Stord kommune

Utval for Rehabilitering Helse og Omsorg hadde onsdag 11. mars møte der ei av sakene som skulle avgjerast var om Stord kommune skulle ta seg råd til å investere i eige produksjonskjøken.

Eg er ein av to representantar frå Frp i dette utvalet som i denne omgang valde å ikkje støtte dette no, dette til trass i at Frp har programfesta at me skal støtte dette.

Det er naturlegvis fleire som vil spørje seg korleis vi kan gå imot vårt eige partiprogram og det er nettopp det eg ønskjer å gje ei forklaring på med dette innlegget.

Me i Stord Frp er krystallklare på at produksjonskjøken er noko me vil kjempe for. Me ønsker å heve nivået på maten for bebuarane på sjukeheimane i Stord, det skal difor ikkje vera noko tvil om at me ønsker lokalprodusert institusjonsmat hjarteleg velkommen. Likevel ser me det som mest fornuftig å ikkje ta oss råd til dette no. Denne vurderinga handlar ikkje om manglande vilje til å investere i eige produksjonskjøken i kommunen, den handlar om å ha eit realistisk perspektiv på kva ein bør prioritera og kva ein kan og bør vente med i ein økonomisk svært krevjande situasjon.

Eg meiner å ha mange gode argument for kvifor vi bør vente med ei slik investering. Ikkje seie nei, men utsetje investeringa til eit seinare budsjett.

Kvelden før møtet i RHO der denne saka skulle leggjast fram vart eg gjort kjend med at Ap hadde utarbeidd eit alternativt forslag til framlegg i saka. Eg fekk også spørsmål om Frp kunne stille seg bak det nye framlegget.

Det alternative framlegget peika på alternativ 3 og 4 i forstudierapporten, og inneheldt også eit suppleringspunkt der ein bad kommunestyret sjå nærare på ulike inntektsmoglegheiter, som til dømes sal av middagar til pårørande og andre utanfor institusjonen, samt diverse arrangement og liknande.

Dette framlegget var me i Frp i utgangspunktet innstilte på å støtte. Etter nærare ettertanke valde me likevel å gå imot framlegget, hovudsakleg på grunn av nye opplysningar som kom fram i diskusjon under møtet.

Mellom anna vart einingsleiar ved Stord sjukeheim beden om å komme med sitt syn på den delen av saka som omhandla ulike inntektsmoglegheiter. Einingsleiaren gjekk då langt i å seie at dette ikkje var noko ho kunne sjå for seg som eit godt alternativ. Ho peika på to hovudargument - det eine var utfordringar knytt til kapasitet, det andre omhandla problemstillingar som kan oppstå dersom Stord kommune, til dømes ved sal av middagar, kan komme til å ende opp i ein konkurransesituasjon med det private marknaden. Begge deler er viktige moment som ein må ta med seg i dei vidare vurderingane som skal gjerast i denne saka.

Me meiner likevel at det viktigaste poenget i denne saka er det faktum at helse- og omsorgssektoren er den sektoren i Stord kommune som får det aller største nedtrekket i budsjettet for 2020. Heile 35 millionar kroner skal kuttast frå denne sektoren åleine. Ein skal vera ytst forsiktig med å sette dei ulike einingane opp mot kvarandre i ein slik kuttfase. Likevel meiner eg at det blir feil å prioritere store investeringar i noko som ein i realiteten kan utsetje utan at det vil få store negative konsekvensar for brukarar og pårørande. Ei brukarundersøking i regi av Stord Sjukeheim viser at over 80 % av sjukeheimen sine brukarar er nøgde med den maten dei får i dag. Samstundes innfører vi store kutt på andre område innanfor same sektor, som til dømes nedskjeringar i tilbod innan psykisk helse òg av MARIS osv. Her er det viktig å merke seg at det er snakk om tilbod med tunge brukarar, som kan vere heilt naudsynte for å få kvardagen til å fungere for den enkelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me i Stord Frp har også ein passus om å kunne tilby sjukeheimsplassar til alle som treng det i vårt partiprogram. Me ser at årleg kostnad på eit eige produksjonskjøken vil ende opp på ca. 2,2 millionar kroner. Dette tilsvarar om lag 1,8 heildøgns sjukeheimsplassar. I tillegg til årleg kostnad på 2,2 millionar kjem også ei utstyrsinvestering på ca. 1,5 millionar kroner.

Me i Stord Frp er sjølvsagt positive til at Stord kommune skal få eit eige produksjonskjøken og kjem til å halde fram med å kjempe for dette i seinare budsjett. Men me meiner at det er naudsynt å ha eit meir heilskapleg syn på denne saka i inneverande budsjett. Særleg i lys av dei dramatiske kutta som blir gjort på andre område innan helsesektoren her på Stord.

Odd Ståle Larsen,

Stord Frp og Utval for RHO