TRENG ARBEIDSKRAFT: «Dersom me ikkje hadde hatt utanlandsk arbeidskraft, så ville det ikkje gått lang tid før det hadde stoppa også på faga som er dominert av eigne tilsette», skriv Terje Johansen, fungerande verftsdirektør i Aker Solutions på Stord. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Difor tek me inn utanlandsk arbeidskraft

Eg meiner me skuldar våre utanlandske kollegaer å forholda oss til dei på ein nyansert måte, skriv fungerande verftsdirektør Terje Johansen.

Stord kommune publiserte denne veka tal som viser at smittetrenden lokalt er på veg ned. Det er positivt. Samstundes viser statistikken at ein stor del av smittetilfella i kommunen er tilreisande arbeidarar, såkalla importsmitte.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette gjer innbyggjarane urolege. Det kan difor vera på sin plass å informera litt om kvifor Aker Solutions – som verftet på Stord no er ein del av – held fram med å ta inn utanlandsk arbeidskraft og korleis me jobbar med smittevern.

Bruk av utanlandsk arbeidskraft handlar hovudsakeleg om tre ting: Rett kompetanse, nok personar med denne kompetansen og det at prosjekta har varierande behov gjennom dei ulike fasane.

Det er i dag ikkje mogleg å få tak i tilstrekkeleg mange nordmenn med dei rette fagbreva. Dette gjeld spesielt dei såkalla iso-faga (isolasjon, stillas, overflate). Her vert det knapt nok utdanna folk i Noreg, og både i vår bransje og i andre bransjar er ein i stor grad prisgitt utanlandsk arbeidskraft.

Dei store prosjekta våre har ulike fasar, med svært ulikt mannskapsbehov. Me har i dag 1.650 fast tilsette på Stord. Dersom me baserer eigenkapasiteten på prosjekttoppane, så ville me ved ujamne mellomrom ikkje hatt nok arbeid til eigne tilsette, med hyppige permitterings- eller oppseiingsrundar som resultat. Me er i tillegg del av ein syklisk industri, med høge toppar og djupe bølgjedalar. Me ønskjer å vera ein stabil og trygg arbeidsplass for våre tilsette, og treng difor innleige for å gi nødvendig fleksibilitet.

Me registrerer at ein del framleis let til å tru at innleige frå utlandet først og framst handlar om kostnader. Etter at likebehandlingsprinsippet kom i 2012 har utanlandske arbeidarar som jobbar i Noreg dei same rettane som norske. Våre innleigte medarbeidarar er tilsette i norsk-registrerte firma, dei går på norske tariffar og har dei same løns- og arbeidsvilkåra som norske medarbeidarar. Under korona er det tvert imot vesentleg dyrare med utanlandsk arbeidskraft, på grunn av karantene og diverse andre kostnadskrevjande tiltak.

Dersom me ikkje hadde hatt utanlandsk arbeidskraft, så ville det ikkje gått lang tid før det hadde stoppa også på faga som er dominert av eigne tilsette. Dette erfarte me i mars, då landet stengte ned og me nærmast over natta demobiliserte og sendte heim alle utanlandske innleigte. Me saumfarte den norske arbeidsmarknaden, men var ikkje i nærleiken av å greia å kompensera for bortfallet. Det medførte at me fekk problem med å utnytta eigen arbeidsstokk. Som Kværner sitt andrekvartalsresultat vitna om gjekk det også kraftig utover innteninga, som er grunnlaget for stabil sysselsetting og aktivitet også her på Stord.

Trass i ein pågåande pandemi som legg sterke begrensingar for aktiviteten, så er det viktig å halda hjula i gang og ikkje stenga ned samfunnet meir enn naudsynt. Dette oppfattar me også har vore eit tydeleg signal frå styresmaktene. Aker Solutions er ein sentral aktør i den norske verdiskapinga, og har aktivitet som er viktig for ei rekkje lokalsamfunn og landet som heilskap. Prosjekta me jobbar med gjev store inntekter til fellesskapet. Lokalt på Stord er det er oppmuntrande å sjå at aktiviteten vår har bidratt til at hotella har hatt gode tider dette året, trass i at dei mange andre stader slit.

Samstundes må aktiviteten sjølvsagt gjennomførast på ein trygg og forsvarleg måte, som er i høve til råd og retningsliner frå styresmaktene. Dette er avgjerande, ikkje berre av omsyn til samfunnet rundt oss, men også av omsyn til våre eigne tilsette og prosjektaktiviteten. Ein ukontrollert smittesituasjon hos oss kunne potensielt stengt ned verftet, med dei konsekvensane det ville hatt for sysselsetting og verdiskaping.

Difor er me glade for at me så langt ikkje har hatt noko smitteutbrot. Me har hatt nokre smittetilfelle blant eigne tilsette, og me har som kjent hatt 51 utanlandske innleigte som har blitt fanga opp av testregimet vårt. Alle – både eigne tilsette og innleigte – har hatt smitten med seg utanfrå. Smittesporinga viser at ingen av dei tilfella me har hatt til no har blitt smitta på jobb hos oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aker Solutions er i den heldige situasjonen at me har ressursane til å drifta eit omfattande logistikksystem rundt den innleigte arbeidskrafta. Dette er etablert og blir kontinuerleg evaluert i tett dialog med tillitsvalde, verneorganisasjon, bedriftshelseteneste og HMS-avdelinga. Rett nok har vektarstreiken skapt nokre ekstra oppgåver for oss, samtidig som denne situasjonen også viser at det grunnleggande systemet som er på plass fortsatt er robust også med ei slik utfordring.

Før avreise frå utlandet må alle dokumentere negativ covid-19-test. Dette byrja me med allereie tre veker før det vart eit myndighetskrav.

For at transporten skal vera så trygg som mogleg, har me etablert vår eigen transportkorridor med charterfly og charterbuss, og me har kontroll på seteplasseringa i tilfelle smittesporing.

Ved ankomst Stord blir personane frakta direkte til karanteneleiren på Heiane. I karanteneleiren blir alle måltid servert på romma. Dette er i seg sjølv ein stor logistikkoperasjon. Berre på Heiane, blir det levert ut 1.000 måltid kvar einaste dag. For å unngå at personell går i butikkar, har me etablert kontaktpersonar som kan gjera naudsynte ærend for dei som sit i karantene.

Me har etablert eigne testfasilitetar, lokalisert ved karanteneleiren på Heiane. Etter at 10 dagar karantene vart innført, er det ikkje lenger eit krav frå styresmaktene om testing etter ankomst i Noreg. Me gjennomfører likevel slik testing, både etter ankomst og mot slutten av karantenetida. Til no har me gjennomført over 6.000 testar ved testsenteret vårt.

Personell som testar positivt, blir overført til eiga isolasjonsbrakke. Personell som vert definert som nærkontaktar vert overført til ei anna brakke for dette formålet. På dette viset blir covid-19-positive fanga opp ved ankomst og handtert på ein trygg måte.

Så har episodane med dei tre britane som fekk bot for karantenebrot og rapportar i media om avstandsproblem i kantina på Akerhus vist oss at feil kan skje. Det skal me vera audmjuke for. Me jobbar hardt for å forebyggja at slikt skjer. I fråværet av vektarar, har me eit omfattande program for leiarinspeksjonar. Me har tett kontakt både med politiet og lokale helsestyresmakter, og me brukar firmakontaktane kor dei innleigte er tilsett aktivt i informasjons- og forebyggingsarbeidet. I tillegg vert det utøvd konsekvens når regelbrot vert oppdaga. Nokre gongar medfører det advarsel, medan andre gongar er det direkte demobilisering frå prosjektet og oppdrag for Aker Solutions.

Trass i at feil kan skje, så er det likevel slik at utanlandske medarbeidarar hos oss gjennomfører tre testar og 10 dagar i karantene før dei kan bevega seg fritt i samfunnet. Enkelte – som Ariel Koziol som nyleg vart intervjua i Bergens Tidende – har på sine rotasjonar gjennomført til saman 12 testar for å jobba hos oss. Ariel er ein av våre gode og viktige polske medarbeidarar, som har jobba for oss i over 10 år. Han trivst på Stord, og heime har han familie som han snakkar med kvar dag på Facetime og som gler seg til å få han heim til jul.

Og dette er kanskje ein positiv ting som har kome ut av vektarstreiken. Gjennom eit utvida leiarinspeksjonsprogram har mange av oss har fått høve til å bli betre kjend med våre utanlandske medarbeidarar. Det er alltid positivt å få eit inntrykk av enkeltmenneska, og ikkje berre gruppa dei tilhøyrer. Sjølv om covid-19 er krevjande for oss alle, er det viktig at me prøver å unngå stigmatisering, anten det no er av ungdom eller utlendingar. Utanlandsk arbeidskraft har i mange tiår vore ein føresetnad for aktivititeten på verftet. Eg meiner me skuldar våre utanlandske kollegaer å forholda oss til dei på ein nyansert måte.

Terje Johansen, fungerande verftsdirektør Aker Solutions på Stord