DIGITALT: Elevrådsleiar på Stord vidaregåande skule, Hannah Hillersøy Resser, og russen samla i år inn penger digitalt til kreftaksjonen. ARKIVFOTO: KRISTINE BRANDSDAL BARANE Foto: Kristine Brandsdal Barane

Ditt bidrag gjer ein forskjell for kreftramma

Koronapandemien blei eit hinder, men stoppa ikkje engasjementet rundt kreftformar som få overlever. Koronapandemien gjekk hardt utover innsamlingsresultatet i Krafttak mot kreft dette året. Virusmutantar og smittefare gjorde at vi ikkje kunne sende bøssebærarar frå dør til dør for å be om støtte, noko vi veit er avgjerande for innsamlingsresultatet.

I Vestland fylke har det så langt blitt samla inn 3 millionar kroner. Det er to millionar mindra enn målet vårt. På landsbasis har vi så langt eit resultat på litt over 20 millionar kroner. Sjølv om også dette er mykje mindre enn målet vårt på 35 millioner kroner, har mange tusen ildsjelar, russ og frivillige lagt ned ein flott innsats for å samle inn mest mogleg pengar digitalt. Alle med eit ønske om å gjere ein forskjell for dei som blir ramma av ein kreftform få overlever.

Les også
Fleire tusen har stilt opp for å hjelpa Silje (30) i kampen mot kreft

Vi vil rette ein stor takk til deg som har drive digital innsamling, panta flaskar, arrangert auksjonar og konserter eller hatt utfordringar i sosiale medier. For å nemne noko. Din innsats betyr utruleg mykje – både for enkeltmenneske og for kreftsaka. Tusen takk for at du har gitt av deg og tida di til årets aksjon!

Til tross for pandemien, har engasjementet i Vestland fylke vore stort, der særleg russen har tatt eit skikkeleg krafttak mot kreft med mange kreative idear. Heilt strålande jobba. Og ikkje minst, tusen takk til deg som ga eit penge-bidrag til årets aksjon.

I dag overleve tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse. Meir kunnskap bidrar til å oppdage og stille riktig diagnose tidligare, og utvikle ny og betre behandling. Fremskritta kjem ikkje av seg sjølv. Nye gjennombrot krev midlar og knallhardt arbeid over tid. Takk for at de bidreg til kommande framskritt.

Geir Vangsnes, distriktssjef Kreftforeningen Vestland