HORDFAST: «Som sentrale tillitsvalde frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Sunnhordland og på Haugalandet vil me på det sterkaste åtvara mot ein omkamp som ikkje vil føra til anna enn utsetjing av prosjektet», skriv fleire Ap- og Sp-ordførarar og varaordførarar i dette lesarinnlegget. Illustrasjon: Statens vegvesen

«E39 Hordfast må realiserast etter vedteken trase!»

Gjennom media ser me at det har komme innspel til regjeringsforhandlingane om å gjera ei ny vurdering av trase for E39 Hordfast. Som sentrale tillitsvalde frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Sunnhordland og på Haugalandet vil me på det sterkaste åtvara mot ein omkamp som ikkje vil føra til anna enn utsetjing av prosjektet.

Hordfast er utruleg viktig for Vestlandet og ikkje minst for næringslivet og industrien i Sunnhordland og på Haugalandet, som står framfor store omstillingar i tida som kjem. Dei store industri- og næringsaktørane her – Aker Solutions Stord, Leirvik AS, Wärtsilä, Hydro Husnes, Bremnes Seashore, Aibel, Haugaland næringspark, Karmsund hamn m.fl. – held alle fram Hordfast som noko av det aller viktigaste for styrka konkurransekraft og omstillingsevne, og for å byggja ein felles bu- og arbeidsregion mellom Bergen og Stavanger.

Leiinga i Statens vegvesen beskriv Hordfast som (eitt av) Noregs beste samferdselsprosjekt, då prosjektet har veldig høg samfunnsnytte og vil bidra til betydelege klimagasskutt (pga. avløysing av tre ferjesamband og avløysing av flytrafikk mellom Bergen og Stavanger). Prosjektet er komme langt. Trasevalet vart gjort i 2013. Kommunedelplanen vart vedteken i 2019. No er ein i full gong med reguleringsarbeidet. I alt har ein så langt brukt 8 år og meir ein 1 mrd. kroner på planarbeid med utgangspunkt i vedteken trase.

Hordfast har stor støtte i Sunnhordland og på Haugalandet. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har stor oppslutning i desse to regionane, med ordførarmakt i 11 av i alt 14 kommunar. Folk og næringsliv stolar på at Arbeidarpartiet og Senterpartiet står fast på at Hordfast skal realiserast. Om Hordfast vert forhandla bort, fryktar me at det vil gå hardt utover oppslutninga vår.

Nyleg vedtok Sveio kommune å gjennomføra ei folkeavrøysting allereie i januar neste år om evt. overgang til Rogaland fylke. Det er uvisst kva resultatet vil bli; men om Hordfast vert skrinlagt, aukar det sjansane både for fleirtal for fylkesbyte og at fleire kommunar i Sunnhordland vil setja i gong tilsvarande prosessar. Slike konfliktfylte og energikrevjande prosessar vil vera svært uheldig, og kan føra til at Vestland fylke smuldrar opp i sør. Den nye regjeringa treng ikkje slike utfordringar i tillegg til alle andre oppgåver som skal løysast framover.

Me vil visa til at både Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk inn for Hordfast etter vedteken trase då Stortinget handsama NTP i juni. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har også i fylkestinget og fylkesutvalet i Vestland vore tydeleg på at ein ynskjer realisering av Hordfast etter vedteken trase. I valkampen her i Sunnhordland og på Haugalandet kom det ingen utspel frå stortingskandidatane frå nokon av partia om at ein ynskte omkamp om trase eller utsetjing av prosjektet.

Indre trase har vorte greidd ut og vart valt vekk i 2013, m.a. fordi den traseen er lengre, har lågare samfunnsnytte, og har større negative konsekvensar og er meir øydeleggjande for dyrka mark, kulturlandskap og bygningar.

Til det som har vorte framført av m.a. Bjørnafjorden kommune, vil me påpeika:

- Ulempene som er lista opp om seglingshøgde for skip, boreriggar og forsvaret, er udokumenterte. Tvert imot er leverandørindustrien sterke pådrivarar for midtre trase, og forsvaret har ingen merknader.

- Det vert hevda at det er tilstrekkeleg med to felt ved indre trase. SVV og fleire rapportar (m.a. frå Asplan Viak) slår fast at det er behov for fire felt uansett trase.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vert også hevda at det ikkje er nokon ulemper med indre trase. Dette er sjølvsagt feil. Indre trase vil medføra større inngrep enn midtre; natur, myrer, kulturlandskap og store strekningar med landbruksareal vil bli lagt under asfalt i ein 20 km lengre trase. Dertil vil omkring 200 bygningar verta berørte av indre trase, mot eit fåtal ved midtre.

- I tillegg vil me peika på at indre trase inneber fem bruer (den samla lengda på bruene er lik for begge alternativ) og at om lag halvparten av traseen vil liggja i tunnell, med dei utfordringane og kostnadene det fører med seg.

- Utdjupa informasjon om dette finst i konsekvensutgreiinga og kvalitetssikringsrapporten frå 2013.

Hordfast er eit avgjerande viktig prosjekt for at me skal løysa ei av dei største utfordringane framover: Kutta utslepp og skapa jobbar. Som det ofte blir sagt, må Vestlandet lykkast for at Noreg skal lykkast med det grøne skiftet. Og Hordfast er heilt sentralt for at Vestlandet skal lykkast.

Difor må det ikkje vera tvil om at ei ny regjering står fast på snarast mogleg realisering av prosjektet. Omkamp om trase vil ikkje bety anna enn at prosjektet vert utsett, og i verste fall skrinlagt.

Lukke til med vidare forhandlingar!

Beste helsing

Gaute S. Epland, ordførar Stord kommune (Ap)

Jakob Bjelland, varaordførar Stord kommune (Sp)

Sammy Olsen, ordførar Bømlo kommune (Sp)

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne Leite, varaordførar Tysnes (Sp)

Mette Heidi Ekrheim, ordførar Etne kommune (Sp)

Linn Therese Erve, ordførar Sveio kommune (Ap)

Sigmund Lier, ordførar Tysvær kommune (Ap)

Arne Christian Mohn, ordførar Haugesund kommune (Ap)

Jarle Nilsen, ordførar Karmøy kommune (Ap)

Tormod Våga, ordførar Bokn kommune (Sp)

Ole Johan Vierdal, ordførar Vindafjord kommune (Sp)

Anja Heggholmen, varaordførar Austevoll kommune (Ap)