KRITISK: – Sjølv reagerer eg kraftig på den dårlege journalistikken som i denne samanhengen ligg i uttrykket «edle dropar». Dei som nektar å la seg vaksinera ser ikkje på vaksinen som ei edel væske, skriv Olav Bjørkum i lesarinnlegget Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Edle dropar?

Torsdag før årsskiftet fekk tilsette i skular og barnehagar på Stord «edle dropar». Tanken gjekk straks til ein edel årgangangsvin frå Italia, men det var sjølvsagt tredje dose med corona-vaksine. Dei tilsette fekk sprøyta i samsvar med dei nye smittevernreglane. Nokre av dei reagerer på reglane. Ein lærar seier til avisa Sunnhordland: «Me lærarar er blitt utsette for mykje dumt gjennom pandemien, diverre føyer dette seg berre inn i rekkja av merkelege og ulogiske ting.»

Sjølv reagerer eg kraftig på den dårlege journalistikken som i denne samanhengen ligg i uttrykket «edle dropar». Dei som nektar å la seg vaksinera ser ikkje på vaksinen som ei edel væske. Tvertom ser dei på vaksinen som ein, i verste fall, risiko for eit øydelagd liv. Same korleis ein snur og vender på uttrykket er ikkje edle dropar journalistisk, det tilhøyrer eventuelt kommentarfeltet. Slik det er brukt verkar det nærast misjonerande: «Drikk dette, og du får eit godt liv».

Les også
Lærarar og barnehagetilsette er kritiske til fritidskarantene

Dei som ikkje vil la seg vaksinera vert av mange andre i samfunnet sett på som ein pariakaste, som samfunnsfiendar (jf. Ibsens spelstykke med same namn). Den finsk-norske forfattarinna Sanna Sarromaa skreiv i VG nyleg at «uvaksinerte er nokre jævla kremidiotar som hadde fortent å stå i gapestokk på alle offentlege torg i heile januar.»

Prøver du å målbera meiningar som går mot fleirtalet, så kastar fleirtalet seg straks over deg. Fleirtalet har alltid rett. Men det er dokumentert at også vaksinerte kan få både store fysiske lidingar og tilmed døy av covid-19. Smittevernreglar i nasjonal og internasjonal skala har ført til store samfunnskostnader.

Lækjarar og vitskapsfolk som har opponert er fråtekne lisensar og stillingar, og dei vert nekta å ytra seg i sosiale media. I USA vart vitskapskvinna Judy Mikovits fengsla for det ho hadde sagt offentleg. I retten kunne ingen prova at ho hadde sagt noko gale. Den engelske forskaren Michael Yedon er fråteken all ære etter å ha 'varsla', og Wikipedia hevdar han er vaksinemotstandar. Det er han ikkje.

Det finst medisinar mot covid-19 som er uskadelege, men som er sterkt motarbeidde av ein farmasøytisk industri som tener grovt på vaksinane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har så vesle «Sunnhordland» gjeve eit nyansert bilete av pandemien? Avisa har gjeve pandemien umåteleg stor spalteplass og dermed vore med på å piska fram det hysteriet som har oppstått. Eg minnest ein stor reportasje om ein lokal idrettsutøvar som hadde fått covid-19. Etter eit par dagar med litt hoste og halsvondt var han friska att. Elles kan eg ikkje hugsa ei einaste sak der den redaksjonelle staben har stilt kritiske spørsmål til ulike måtar pandemien har vore handtert på, medisinsk eller samfunnsmessig.

Olav Bjørkum