Gisle Tjong: Telefonstolpe i Bandadalen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eg er ikkje den einaste som er redd no

No har dei byrja med å riva ned telefonstolpar, også her i Leirvik sentrum. Gå opp Bandadalen, og sjå sjølv. Eg bur ein litt annan stad, men reknar med at dei blir rivne der òg, om ikkje lenge. Lurar på kva dei har som erstatning. Vanleg mobil fungerer i allefall ikkje.

Eg er nok ikkje den einaste som er redd no. Telefonen er absolutt nødvendig i mange naudsfall. Allereie i 2012 ville dei har gjort denne jobben, men fann då ut at dei ikkje kunne hjelpa alle, so det vart utsett.

Gisle Tjong