KJENT PÅ KROPPEN: «Eg har sjølv vore vikar ved fleire skular i Stord kommune, og sett elevar utøva vald mot lærarar, meg sjølv inkludert», skriv John Tonnessen (MDG) i lesarbrevet. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

«Eg fryktar at lærarar og skuleleiarar reagerer for forsiktig mot vald utøvd av elevar»

9. april kunne me lesa i avisa Sunnhordland at ein elev hadde slege ein lærar i nakken med ein stol. Susan Abdallah (Ap) som òg er lærar oppmoda til å melda høvet til politiet, noko dei gjorde. Saka blei så lagt vekk fordi eleven er under 15 år og kan ikkje straffast. Politiet seier at ein bør likevel melda slike hendingar til politiet fordi dei kan nytta andre verkemiddel som kan vere førebyggjande.

Når born gjer valdelege handlingar, så har det samansette årsaker. Men lovverket seier det tydeleg at det er ikkje straff for dei under 15 år. Samfunnet må då ta tak i omstenda rundt som gjer at eit born tyr til vald. Å melde til politiet burde ikkje vere naudsynt. Men diverre er det naudsynt. Og vidare, etter mi meining er det naudsynt at lærarar melder all vald dei opplev til politiet. No skjer dette berre i dei mest graverande tilfella, som i denne saka. Men vald er eit aukande problem i skulen på landsbasis, og truleg også på Stord. Dette problemet må me som samfunn møte med det alvor det krev.

Les også
Stord har meldt vald mot skuletilsett til politiet

Eg fryktar at lærarar og skuleleiarar reagerer for forsiktig mot vald utøvd av elevar, fordi skulen ikkje har god nok råd til førebyggjande tiltak. Eg har sjølv vore vikar ved fleire skular i Stord kommune, og sett elevar utøva vald mot lærarar, meg sjølv inkludert. Ikkje alvorleg vald med alvorlege skader, men slag er vald, sjølv om det ikkje medfører stor skade. Stord kommune har "nulltoleranse" mot vald. Men eg har sjølve sett manglande konsekvensar etter elevar øvde vald mot lærarar eller fagarbeidarar. Den strengaste reaksjonen eg såg, var samtale med elev, og telefon heim. Uttrykket "nulltoleranse" er ein meiningslaus floskel når vald ikkje medfører sterkare respons enn like eins ved ufarlege brot på skulereglane.

Desse elevane må møtes mykje før, med nok ressursar til å hjelpa dei til å velja vekk valden. I nokre av dei mest ekstreme døma er ikkje det mogeleg, då må andre tiltak på plass, som ein-til-ein oppfølging av ein vaksen som har kompetanse til å møte slike farlege situasjonar. Diverre er opplæring til å takla vald mangelvare i skulen, i motsetning til helsevesenet der det er med i fleire utdanningar. Skulane er heller ikkje bygd med ekstra rom for å kunne skjerma og inkludera slike born. I tillegg kostar slik oppfølging mykje, og skulane har dårleg råd, noko lærarar fortel til kommunestyret ved kvar einaste budsjetthandsaming.

Les også
Gjer grep etter uheldig lærarepisode

Lærarar som allereie har mykje å halde styr på, må då i tillegg vere vare for utagerande born som i verste fall kan alvorleg skada dei, eller skada dei andre borna. Kommunen sine rutinar gjer det vanskeleg for lærarar for dei må skjerma dei andre borna samstundes som dei skal undervisa. Me må endra rutinar og tilføre nok middel Det er vår fordømte plikt å sikra at dei borna som slit og tyr til vald får den hjelpa dei treng. Om ikkje berre fordi det er det riktige å gjere, så i det minste for å sikre tryggleiken til dei andre borna.

Så igjen, meld all vald i skulen til politiet. Få desse hendingane inn i offentleg statistikk så me får sjå kor stort problemet er. Då me kan sjå kor mykje ressursar skulane faktisk treng for å sikre tryggleiken til tilsette og born. For det skjer ikkje i stor nok grad no, det ser me frå saka som starta denne diskusjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

John Tonnessen, folkevald for MDG i Stord kommunestyre, og lærar