Eg passar ikkje inn i det tenkte id-systemet, har ikkje pass, førarkort eller nettbank, skriv Torill Nordhus. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Eg passar ikkje inn det tenkte id-systemet til staten

Ope brev til Finanstilsynet.

Finanstilsynet/forvaltninga krev gjennom bankane at me som innbyggjarar skal ha ny id innan 15. desember d.å. Bankane forvaltar økonomi/pengane våre og dei fleste er private bankar. For bankane har det til nå vore greitt med bankkort m/bilete som dokumentasjon.

Eg passar ikkje inn i det tenkte id-systemet, har ikkje pass, førarkort eller nettbank. Synes sjølv eg har eit greitt liv – lever miljøvennleg og reiser kollektivt. Men eg opplever eit stadig press frå myndigheitene om å lever straumlinjeforma og etter deira einspora mal.

Først var det DAB-radio og bort og vekk med alternativ. Så var det myndigheitene v/NVE som kravde å installere nye straummålarar i kvart eit hus og heim. Deretter ligg det meste av informasjon berre på nett, eks, bussruter og andre opplysningar om infrastruktur.

Då statsbudsjettet vart lagt fram i haust vart saka om nedlegging av likningskontor debattert. Statsråd (viktig embete i vårt demokrati) Trine Skei Grande kommenterte at om små stader mista likningskontor var det jo berre å ringe Skatteetaten og få svar på spørsmål og hjelp. Statsråden har nok ikkje tatt den telefonen dit. Men det har eg. Prøvde å endre skatteprosenten min. Dei kunne ikkje hjelpe, systemet tillèt ikkje det. Einaste mogelegheit var at eg sjølv gjekk inn på Min Side på internett.

Internettet er eit greitt arbeidsverktøy og er nok kome for å bli. Men eg vil ikkje vera ein kontorarbeidar og tenar for Staten i ein einvegskommunikasjon. Me skal ha menneske i ulike faglege instansar å rådføre oss med. Kva med det å bli sett og bekrefta som likeverdige menneske med ulik ståstad?

Digitaliseringsdepartementet er nytt av året. Statsråd Nikolai Astrup informerte gjennom avisinnlegg om «En enklere digital hverdag», om «sømløse, digitale og lett tilgjengelige tjenester», ein ny strategi i offentleg sektor fram mot 2025. Dette med ny id er kan hende ein del av strategien?

Det vert ikkje mykje kommunikasjon og fellesskap om kvar og ein sit med sine skjermar for å motta svar i ein algoritmestyrt einvegskommunikasjon. Er det eit slikt samfunn me vil gje vidare til kommande generasjonar? Ansvaret, kunnskapen og sjølvverdet hos menneska vert pulverisert.

Nå som forvaltninga Nav ligg på slaktebenken er det kanskje på tide for våre folkevalde å gå litt stillare i dørene.

I informasjon frå banken min har eg fått opplyst at Finanstilsynet har ei løysing for meg som ikkje har sertifikat eller pass.

Og det er følgjande: eg kan levere siste skattemelding og ei legeerklæring til banken!

Eg kjem ikkje til å gjere det fordi om eg ikkje passar inn i ein planlagt digital mal for myndigheitene.

Så nå vert eg vel ikkje rekna som lovlydig borgar lenger – eg som ikkje har så mykje som betalt ei bot til nå. Eg respekterer den kostbare tida til legen min, (som arbeider med helse), og kva i all verda skulle han ha skrive i den erklæringa??

De er slett ikkje lenge til 15. desember og med det kravet/presset Forvaltninga/Finanstilsynet har lagt på bankane kan eg bli pengelaus til jul. Eller kan eg krevje at Staten betaler og skaffar meg eit pass?

Det er uansett eit historisk vegskilje at 2019 vert det året der me som innbyggjarar må ha pass/sertifikat-krev av Staten via finansnæringa for å bu i Noreg.

Torill Nordhus, Stord