FLAGGSTØTTE: Ordførar Harald Rydland på Fitjar vil ikkje flagga for pridemarkeringa. Det er det ikkje alle som er samde i. Foto: Magne Kydland

– Eg reknar med at den dagen Fitjar IL tek seriegull i fotball, kjem kommunen til å flagge for dei også

Du problematiserer i innlegget ditt at nokon har behov for at Fitjar Kommune markerer Storapride. Eg vil problematisere problematiseringa di. Fordi eg veit at for svært mange i samfunnet vårt er det mykje viktigare å verta møtt med respekt og aksept enn det er å verta møtt med at me er så heldige som får leva i eit ope og demokratisk samfunn.

Her kan du lesa innlegget til Harald Rydland.

Du seier at kommunen ikkje bør leita med lys og lykt for å kome klar flagglova. Det treng kommunen heller ikkje. Det held at Fitjar kommune er like tøffe som mange små nabokommunar fleire stadar i landet – som t.d. Bømlo og Kvinnherad – og sluttar seg til arrangementet og markerer det ved å heisa prideflagget i solidaritet.

Då flagglova vart endra i 2014 for å inkludera passusen om at ein kan flagga med andre flagg enn det norske i samband med arrangement, var det eit resultat av eit framlegg frå Drammens-politikarar som ynskte å feira seriegullet til Strømsgodset FK. Flaggvitar og ekspert Jan Oskar Engene ved UiB meiner at lovteksten ikkje kan tolkast bokstaveleg, og at det er tilstrekkeleg å slutta seg til Storapride for å kunne heisa prideflagget på rådhuset si flaggstong. Og det er altså det andre kommunar har vore tøffe nok til å gjera. Dersom Fitjar Kommune likevel skulle meine at ein ikkje kan flagge frå rådhuset, så er det nok andre kommunale flaggstenger ein kan flagge frå. Utan at ein treng å gå rundar med lovtolking!

Du har heldigvis heilt rett i at me her i landet lever i eit ope og demokratisk samfunn med høg grad av toleranse. Ytringsfridomen vert halden høgt, og slik ønsker vi å ha det. Samstundes er det slik at mange menneske med ulik legning opplever seg diskriminerte og utsette i samfunnet vårt. Dei har eit sterkt behov for å markere for verda at denne respekten og aksepten burde vore sjølvsagt. Dette burde ikkje vera ei problematisk sak å støtta med på bakgrunn av dei nevnte verdiane me set så høgt!

Eg forstår og at ordføraren er bekymra for at pågangen av lag og organisasjonar som ønsker å nytta Rådhuset si flaggstong til markering skal verta stor. Til det må det seiast at alle lag og organisasjonar har den same retten og det same høvet til å be kommunen om tilslutning til sine saker og dermed til å flagga på den kommunale flaggstonga. Det meiner i alle fall eg at eit ope og demokratisk samfunn skal ta seg råd til å høyre på, dersom dei kjem med søknadane sine. Dei har trass alt dei same rettane som Storapride og Strømsgodset har til å få prøvd sakene sine for dei folkevalde. Og eg reknar med at den dagen Fitjar IL tek seriegull i fotball, så kjem kommunen til å flagge for dei, og!

Les også
Politikarane snur – prideflagget skal likevel til topps

Det er eit godt prinsipp å ta ting når dei kjem, og la dagen i dag vera i dag. Då kan ein gje støtte til ei markering som I DAG er svært viktig for dei mange som kjempar for å bli aksepterte, og for å visa at vi alle gir aksept for menneske i resten av verda som vert forfulgt for legninga si. Dette, ordførar, er større enn å sei at her i landet er me heldige som får leva i eit ope og demokratisk samfunn!

Avslutningsvis vil eg problematisere følgande: kva i alle dagar har Håkon den gode med dette å gjere? Var det nokon som var uetiske i sin kamp for eit rettssamfunn, så var det «heltane» frå vikingtida. Også Håkon, skal me tru Snorre Sturlasson.

Åse Toskedal