SLUTTAVTALE: Lesarbrevskribenten er kritisk til presset mot Roy Sverre Amundsen i Stord kommunalteknikk. ARKIVFOTO: Kristine Brandsdal Barane. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Ei «drittsak» mot Amundsen

Det har i den seinare tid storma rundt vatn- og avløpsetaten på Stord. Opinionen saman med fleire politikarar som «skyt frå hofta» har peika seg ut ein syndebukk. Det har no komme så langt at vedkommande har funne det naudsynt å trekkja seg frå stillinga. Dermed «kvittar» kommunen seg med ein høgt kvalifisert etat-sjef. Så vil det visa seg om det løyser noko problem. Eg tvilar.

Tvert imot kan det vera på sin plass å stilla spørsmål ved kommunen si utøving av sitt arbeidsgjevaransvar i høve til openberr trakassering av ein av sine øvste leiarar. Ein skulle tru at tung teoretisk ballast kombinert med lang røynsle, stor handlekraft og arbeidskapasitet, er ettertrakta eigenskapar ikkje berre i næringslivet, men også i offentleg forvalting.

Les også
Amundsen sluttar som leiar i Stord kommunalteknikk

Men i dette tilfelle kan det sjå ut som om det er sjølve problemet. Korleis kan det skje? Vedkommande har vore gjennom inngåande tilsetjingsprosedyrar og «vunne» stillinga i kraft av dei nemnde eigenskapane, men så viser det seg at ikkje alle likar måten han løyser oppgåvene på.

Dersom dette verkeleg er kritikkverdig, skulle det vore ei sak mellom han og hans overordna, ei sak som vart løyst med sokalla korrigerande samtalar, men i staden blir han ein politisk kasteball i ein sverteprosess som også lokalavisa heng seg på.

Eg har inngåande profesjonell kunnskap til vedkommande gjennom åtte års røynsle som hans overordna i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS, men i karakteristikkane han no blir til del, kjenner eg han ikkje att. Og eg trur ikkje at han har gått gjennom ei personlegdomsendring sidan den gongen.

Nei, dette er ikkje noko forsvarsskriv. Amundsen har styrke nok til å forsvara seg sjølv. Det eg vil peika på er det uheldige ved lokalpolitikara som i det offentlege ordskiftet og gjennom sosiale media blandar seg inn i administrative forhold i kommunen. Deira arena i slike saker er vel kommunestyret? Og då skal vel problemet adresserast til øvste administrative leiinga i kommunen? Kor er Amundsen sin overordna i denne saka?

I mi enkle verd er dei folkevalde å samanlikna med styret i ei verksemd. Rådmannen er tilsvarande administrerande direktør. Det skulle teke seg ut at styremedlemmer i til dømes Aker skulle kommentera eller kritisera namngjevne tilsette i Aker for jobben dei gjere eller ikkje gjere.

Vatn og avløp er eit ynda debattobjekt i alle kommunar. Sidan rekninga går direkte til innbyggjarane, er det også eit takknemleg kritikkobjekt for røystesankande politikarar. Men kan ein sanka røyster ved å fjerna folk ein ikkje likar? Liknar ikkje det på system me helst ikkje vil ha noko med å gjera?

Jan Willy Folgerø-Holm, Foldrøyhamn