KRISTISK: «I dag, ti år etter terroråtaket, må vi snakka meir om denne familien som ikkje vart behandla som pårørande og overlevande etter eit terroråtak, men som utlendingar som ikkje hadde papira i orden», skriv Magne Misje. Foto: Kjetil Fyllingen

Ei forteljing frå Utøya - og ei forteljing om Norge

Det er mange forteljingar om 22. juli og Utøya. Her er ei av dei, ei forteljing som er lite kjent. Ismael Ahmed var 19 år og ein av dei siste som vart drepen på Utøya. På Utøya var og storebror Khaled og broren Mubarak. Dei overlevde. I dag er Khaled, som snubla over den drepne veslebroren på Utøya, utvist frå Noreg på livstid, saman med mora. Dei måtte dra i 2015. Faren, 68 år gamal, døydde fem dagar etter at han vart utvist sommaren 2015. Då hadde fleira legar på det sterkaste åtvara utlendingsstyresmaktene mot å senda den sjuke mannen ut. Mubarak og systera Samiya mista i 2015 sine norske statsborgarskap. Mubarak hadde heilt sidan terroråtaket slite med store psykiske vanskar. Då han vart fråteken statsborgarskapet, mista han og høve til terapi og behandling. Dei to syskena, som var 10 og 12 år gamle då dei kom til Noreg i 2002, måtte kjempa harde kampar for å få vedtaket om statsborgarskapet omgjort. Det skjedde i 2017. Mora og storebror Khaled, som i dag bur i Djibouti, fekk aldri delta på noko minnemarkering i år, og dei får aldri besøkja sonen og broren si grav på Hol på Hamar. Då Mubarak og Samiya vart fråtekne statsborgarskapet, var dei sjølve foreldre med barn fødde i Noreg.

Kva hadde skjedd som førte til utvisning og oppheving av statsborgarskapet? Familien hade i 2002 loge om at dei kom frå Somalia, mens dei i røynda kom kom frå Djibouti. Denne løgna tydde utvisning frå landet på livstid for dei tre i familien som var over 18 år.

Det er ikkje uvesentleg for saka at ho kom opp berre ein månad etter at Frp gjorde eit brakval i 2013 og kom i regjering. Norske utlendingsstyresmakter opererer ikkje etter eit lovverk skrive i nøytral stein. Lovverket er som alle lovverk forma ut i takt med politikken og skal ta omsyn til politiske signal. Norske utlendingsstyresmakter er nådelause i møte med ei løgn, om den er aldri så mange ti-år unna, årsakene aldri så gode, om menneska det gjeld er aldri så integrerte eller har aldri så mange barn her.

Barn og barnebarn kan straffast for foreldra sine løgner når det gjeld opphald i riket. “Hedmark har mistet en sønn, venn og bror,” sa dåverande justisminister Knut Storberget i gravferda til Ismail Ahmed. “Ismail er norsk. Jeg er norsk. Vi er norske. Det er jeg stolt av,” sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg i ein tale i ein moske nokre dagar etter 22. juli.

Men då Utlendingsnemnda kom på banen, vart det sett klare grenser for det fargerike fellesskapet, det nye norske vi hadde snakka så mykje om. Fine ord er ein ting; lova er noko anna. Storebroren til Ismail, 32 år gamle Khalid, var ungdomsskulelærar og fylkesleiar i AUF då han var på Utøya. I 2011 vart han kåra til årets medmenneske av Mental Helse Hamar for sitt engasjement for ungdom i heimbyen. Då det i 2013 kom for dagen at familien hadde loge, la Khalid alle kort på bordet og ville ta si straff. Han sa frå seg alle politiske verv og vart dømd til fire månaders fengsel.

Men i 2015 vart Khaled fråteken sitt norske statsborgarskap og måtte forlata landet. I dag bur han i Djibouti med mora, plaga av sorga over broren, og over ansvaret han som fylkesleiar hadde for dei lokale tenåringane frå Hedmark han hadde teke med seg til Utøya.

I dag, ti år etter terroråtaket, må vi snakka meir om denne familien som ikkje vart behandla som pårørande og overlevande etter eit terroråtak, men som utlendingar som ikkje hadde papira i orden. Og vi må ikkje gløyma måten dei vart behandla på av landet vårt, regjeringa vår og lovverket vårt, som i utlendingssaker gong på gong viser seg å vera streng, - og urettferdig.

Magne Misje