LIKESTILLING: Margit Tøsdal var den første kvinna frå Hordaland som blei stortingspolitikar. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

«Ei likestillingskjempe frå Hordaland»

Den første kvinnelege stortingspolitikaren frå Hordaland nekta å godta at bonde var eit mannsyrke, og ho kravde betre rettar for born av ugifte foreldre.

Det tok førti år frå den første norske kvinna blei vald inn til fast plass på Stortinget, til Hordaland fekk si første kvinne på fast stortingsplass i 1961. Lærarinna Margit Tøsdal frå Os var likevel ei føregangskvinne, og blei etter kvart den andre kvinnelege lagtingspresidenten i Noreg. I 1961 hadde ho allereie ein periode bak seg som vararepresentant for Arbeidarpartiet, og deretter sat ho tre periodar på Stortinget (1961-65 og 1973-81). Ho var ein allsidig politikar, og sat både i justiskomiteen, landbrukskomiteen og utanriks- og forsvarskomiteen.

Grunnen til at vi på Stortinget ser nærare på det politiske livet til Margit Tøsdal no, er at det i fjor var 100 år sidan første kvinna, Karen Platou (H), blei vald inn til fast stortingsplass. På Stortinget nyttar vi høvet til å grava i arkiva våre og sjå nærare på fleire kvinnelege pionerar på Stortinget – slik som Margit Tøsdal.

Det aller første innlegget Tøsdals heldt frå talarstolen på Stortinget i april 1961, handla om kampen mot atomvåpen, i saka om hovudretningsliner for Forsvaret. I ein omtale av henne og dette innlegget blei strofa «Kvinner selv stod opp og strede» frå nasjonalsongen brukt som tittel på biletet. Alt her viser Tøsdal kor breitt og heilskapleg ho tenkte som politikar. Ho trekkjer opp store perspektiv kring historie, kulturarv, moral, forholdet mellom mål og middel og Noregs rolle i verda – og konkluderer samstundes konkret, med støtte til internasjonalt samarbeid gjennom FN og NATO og mot lagring av atomvåpen på norsk jord. Ho erklærer at det norske folket sitt nei til atomvåpen ikkje er «eit ulogisk kjensleutbrot», men har «si saklege forankring i dagens situasjon» og følgjer opp: «La oss – i den grad det er praktisk gjennomførleg – ta omsyn til vitskapens kalde tal, at dei i same grad får appellera både til hjarte og fornuft. Dette vere sagt også på vegner av kvinnene og mødrene».

Det aller siste innlegg til Tøsdal er som president i Lagtinget 21. mars 1981, der ho tilrår Lagtinget å godta odelstingsvedtaket om ny barnelov. Ho erklærer at ho håpar lova blir haldningsskapande og vil gi større likestilling mellom born, uavhengig av sivilstanden til foreldra, sterkare rettar for born til å medverke til avgjerder og styrkte band for barnet, både til far og mor, uavhengig av om foreldra lever saman eller ikkje.

Mellom desse to innlegga ligg tjue år med politisk historie, der det breie engasjementet til Tøsdal sette spor både på og utanfor Stortinget. Det går fleire sentrale raude trådar gjennom den politiske gjerninga hennar. Det internasjonale engasjementet, retta mot samarbeid, rettferdig fordeling, fredsarbeid og bistand er éin slik raud tråd. Når det gjaldt Noregs forhold til europeisk samarbeid meinte ho at nasjonal isolasjon var ein anakronisme, altså ei løysing som ikkje var tilpassa samtida. Vegen gjekk gjennom internasjonale forpliktingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likestilling er ein annan tråd – både mellom kjønn, men også for andre grupper. Særleg var ho oppteken av rettane til funksjonshemma. I saka om odels- og åseteslova i 1973 erklærer ho at ho med glede ser korleis den nye lova yter større rettferd, «ut frå eit likestillingskrav bygd på eit medmenneskeleg rettferdssyn.» Særleg tenkjer ho då på innføringa av lik odelsrett for kvinner og menn, lik rett for adopterte born og mellom born fødde innanfor og utanfor ekteskapet. «Påstanden om at jordbruksyrket skulle vera eit maskulint yrke, kan eg ikkje gå med på. Det held ikkje no lenger. For kven har vel slite meir på våre tusen småbruk enn konene som vart att heime når mannen hadde attåtyrke?» Likestillingskampen følgjer henne heile vegen.

Ved vedtaket av Likestillingslova i 1978 peikar ho på den lange historia i kampen for likeløn, der ho hugsar 27 år tilbake til då ho sat på den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO sin kongress i Genève då likelønskonvensjonen blei vedteken.

Ein annan raud tråd gjennom arbeid hennar var korleis ho la vekt på ressurssituasjonen, sjølvforsyning og fordelingsspørsmål. Som lærar stod også utdanningsspørsmål henne nært.

Tøsdal var født i 1918 og utdanna lærarinne. Under krigen arbeidde ho nokre år som lærarinne i Granvin og i Austevoll, før ho starta i skulen i Os i 1942, der ho var tilsett heilt fram til 1981. I åra mellom 1966 og 1973, etter at ektemannen var død, var ho også dagleg leiar av trelast- og byggjefirmaet Odd Tøsdal AS. Ho sat i Os kommunestyre frå 1952 til 1959 og hadde tallause lokale og nasjonale offentlege verv gjennom åra, frå å vera medlem i Husmorvikarnemnda og Veg- og gatenamnkomiteen i Os til å vera nestformann i Likestillingsrådet, medlem av Kontrollutvalet for overvakings- og tryggleikstenesta og nestformann i Hovudkomiteen for Dei sameinte Nasjonane sitt internasjonale kvinneår 1975 i Noreg. Ho arrangerte også Verdskongressen for esperanto i Bergen i 1991, to år før ho døydde. Ho var medlem av Arbeidarpartiets landsstyre frå 1959 til 1969.

Margit Tøsdal blei aktiv i politikken gjennom gjenreisingstida etter krigen, og var sentral i norsk politikk i fleire tiår, inn i ei tid der knappe ressursar og gjenreising var erstatta av oljealder og ein utbygd velferdsstat. Heile vegen hadde ho eit klart blikk for rettferd, likestilling og norsk ansvar internasjonalt. Slik bana ho ikkje berre veg for andre kvinner i politikken, men også for enkeltmenneske, grupper og saker.

Ved stortingsvalet i fjor, hundre år etter valet av Karen Platou, blei kvinnedelen 45 prosent. Det har vore hundre år med radikal endring, og mange har bidrege til dei omfattande endringane som gjer at kvinner i Noreg i dag kan ha alle politisk verv. Også i åra framover må vi diskutera korleis vi på Stortinget best kan representera heile det norske folket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erna Solberg

Silje Hjemdal

Liv Kari Eskeland

Sofie Marhaug

Linda Monsen Merkesdal

Lubna Boby Jaffery