UTBROT: Kommuneoverlege Kjersti Follesø og ordførar Sammy Olsen i Bømlo kommune ber innbyggjarane om å vera ekstra varsame framover og testa seg ved symptom. Foto: Simon Knutsson Sortland/Bømlo kommune

Ei påminning

Me må to månader tilbake i tid for å finna førre smittetilfelle i Bømlo, og den gong handla det om innreisesmitte. Me må heilt tilbake til nyåret for å finna førre smitteutbrot i kommunen. Denne veka blei det konstatert utbrot ved byggevareforretninga XL-bygg Kr. Steinsbø. Fire tilsette har fått påvist covid-19. Tilfella er knytt mot eit smittetilfelle på Bømlo som blei registrert dagen før. Situasjonen er uoversiktleg.

Les også
Nesten alle tilsette er i karantene: – Keisam situasjon

Fleire av personane som fekk påvist covid-19 har fått vaksine nyleg. Dei kan dermed ha vurdert symptom som biverknader frå sprøytestikket. Dette har gjort at kommunen kan ha komme i gang med smittesporinga seinare enn dei skulle ønskt, ifølgje kommuneoverlege Kjersti Follesø. Ordførar Sammy Olsen er uroa over situasjonen og kommunen forventar at det kjem nye tilfelle dei neste dagane.

Analysar viser at tilfella på Bømlo er alfavarianten, det som tidlegare blei kalla den britiske mutanten. Den meir frykta deltavarianten har dermed ikkje fått feste i Sunnhordland førebels. Men framover vil det bli meir sannsynleg at me får denne også her hos oss. Den meir smittsamme varianten, som først blei oppdaga i India, har allereie sett sitt preg på den norske gjenopninga. Ifølgje FHI sin analyse vil deltavarianten stå for mesteparten av smittetilfella i Norge i løpet av juli.

Les også
Smitteutbrot ved lokal bedrift: Fire nye tilfelle på Bømlo

Utbrotet på Bømlo er ei påminning om at pandemien framleis er her, og at me framleis må ha godt smittevern - også her i Sunnhordland der det har vore lite eller inga smitte i det siste. Om ein føler seg pjusk, bør ein testa seg snarleg og unngå nærkontaktar. For det er ikkje greitt å vera den som set heile veneflokken i karantene om sommaren.

Les også
Smittetilfelle på Bømlo – og Fitjar-ordføraren pustar letta ut