«Eg er framleis ein frihetleg og demokratisk sosialist», skriv SV-politikar Atle Hansen. Foto: Per Lønning

Ei røyst frå mindretalet

Vår politisk konservative lokalavis har publisert to gallupar som støttar opp om avisa sitt eige syn. Men skal dette påverka mitt val av politisk parti? Skal eg ta omsyn til fleirtalet, meir enn eg tek omsyn til mitt eige syn på samfunn, miljø og natur og samanhengane i verda? I år har eg vore litt i tvil om kven som bør få røysta mi, eg er medlem i SV, og ikkje alltid samd i det partiet meiner, men det er likevel det partiet eg er minst usamd med. Det har med samfunnssyn å gjera. Det har med heilskap og med samanhengar.

Sunnhordland fortel meg at eg er i mindretal. Fleirtalet på Stord vil ha Hordfast. Fleirtalet på Stord vil halda fram med oljeleiting og utvinning. Eg tvilar ikkje på at dette stemmer. Sjølv om eg veit at slike undersøkingar ikkje alltid skal takast for god fisk. Ein bør i alle fall først vita kva svaralternativa var, korleis spørsmåla var stilte, kven som formulerte spørsmåla og korleis ein valde ut dei tilfeldig utvalde.

At fleirtalet av unge stordabuar vil tryggja arbeidsplassane sine gjennom å halda fram med oljeutvinning og -leiting, det dei lever av, er ikkje overraskande. Men skal eg ta omsyn til dette og seia at sidan folk flest vil ha det slik, må eg støtta parti som står for ein slik politikk?

Eller skal eg stilla spørsmål tilbake om kor lenge dei unge vil halda fram med oljeutvinninga, til siste drope er pumpa opp, til lufta ikkje lenger er til å pusta i, eller til andre folk i verda ikkje lenger vil ha olje og ingen lenger vil kjøpa oljebaserte produkt? Alt dette kan skje. Kva då, viss me ikkje har budd oss på denne framtida? Spurde Sunnhordland ungdommane om dette? Kanskje. Eg veit ikkje.

Personleg trur eg ikkje me kan setja dato for slutt på oljeutvinning. Me kan ikkje seia full stopp og tru at det går bra. Då vil heile verda, slik me kjenner henne, ramla saman. Det må skje gradvis. Og me må gradvis skapa verda og samfunna om. Olja går ikkje berre til drivstoff i bilar og båtar, den er i produkt overalt, same kor me snur oss. Me må ikkje berre byggja el-bilar, men også finna alternative material til millionvis av andre produkt. Material som funkar betre enn papirsugerøyr. Eg er ikkje sikker på at andre i partiet støttar meg i slike synspunkt, men eg seier dei høgt likevel og stemmer framleis på SV. Det har med samfunnssyn å gjera.

Eg trur heller ikkje at det vil hjelpa stort om me nordmenn aleine går heilt over til miljøvenleg teknologi, null olje og null utslepp. Det bur jo trass alt mindre folk her enn det gjer i ein halv av verdas storbyar. Det vil ikkje hjelpa stort om berre me gjer det. Det er sjølvsagt heilt rett. Men det vil hjelpa litt. Og viss me alle hjelper litt til, så blir det ganske stort til slutt. Og dessutan, viss eg ventar at andre skal oppføra seg bra, så må eg gjera det sjølv òg. Det lærde eg då eg var liten. Slike enkle argument ligg til grunn for mi tru i dette spørsmålet. For eg må vedgå at det har litt me tru å gjera.

Litt med tru, og mykje med samfunnssyn.

Eg er så gammal at kan hugsa ei tid utan fjernsyn, med få bilar, grus og sand på vegane, bussar og ferjer som viktigaste framkomstmiddel. Ei tid før olja. Me hadde ikkje mykje, verken av mat eller pengar, me var ein stor familie, og eg trur eg lyt seia at me var ganske fattige. Me hadde råd til lite ekstra, men me greidde oss. Det nye velferdssamfunnet som vart skapt, med motstand frå den politiske høgresida, gav oss gratis skular, skulebøker, gratis legehjelp og medisin, barnetrygd, ferie og pensjon til dei gamle, kunsten kom ut til alle, teater, konsertar vart send på turne m.m.

Noreg var eit fattig land, i dag er me rike, men me ikkje råd til slik velstand, så korleis kunne ein betala dette før olja? Jo, gjennom skatten som alle betalte inn etter evne. Ein bygde opp eit velferdssamfunn tufta på solidaritet. Der alle bidrog etter evne, og fekk etter behov. I alle fall i teorien. Dei som har mykje, eller mest, greier alltid å lura seg unna å betala inn, viss dei vil, men er sjeldan redde for å ta ut sin del av den felles kaka.

Skulle mamma og pappa og fleirtalet av dei røysteføre høyrt på kva høgrefolk sa, ville ikkje velferdssamfunnet blitt bygd. Dette er ikkje noko eg trur. Det er noko alle veit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vil ikkje tilbake til alt ved dette samfunnet, i alle fall ikkje til fattigdommen, men eg er sikker på at me må finna tilbake til nokre av dei gamle ideala og tankane og levemåtane frå tida før olja og individualismen sitt inntog. Me kan ikkje leva i overflod i all æva, me må bremsa og me må bu oss på tøffare tider. Og alle må bidra etter evne, også dei som helst vil ha alt for seg sjølv og arvingane sine. Skatt er solidaritet.

Noreg er det rikaste landet i verda. Sunnhordland er mellom dei rikaste områda i Noreg, skal ein døma etter storleiken på husa unge folk byggjer og bilane dei køyrer i. Me lever på toppen av verda. Difor kan fallet bli ekstra høgt og stygt og vondt, om me ikkje er førebudde. For det kjem det fallet. Det må komma. Me kan ikkje leva slik. Me kan ikkje grabba til oss så mykje av verda sin felles rikdom, og ikkje vilja betala noko att.

Stundom kan det verka som om me sit på ein fjelltopp og ser utover, og ser berre sol og blå himmel. Resten av verda ligg under ei skodde av manglande kunnskap og interesse som gøymer alt me ikkje vil bry oss om, tenkja på og ta omsyn til.

Framtida skal bli ferjefri, skriv Sunnhordland optimistisk. Jo då. Eg trur faktisk ho har rett. Eg trur me kjem til å tapa kampen mot Hordfast. Det ser eg svart på, men eg skiftar likevel ikkje politisk side etter Sunnordland sine «avsløringar» av at leiarskribenten og folk flest er samde. Sunnhordland er framleis ei like konservativ avis og blå, eg er framleis ein frihetleg og demokratisk sosialist. Eg kjem å kjempa vidare for mitt syn.

Eg trur framleis på fridom og likskap og at solidaritet og rettferdig deling av gode er den beste løysinga på både kort og lang sikt. Eg er internasjonalist og trur på eit opplyst og ope demokrati for alle, og at me få menneske som bur her på toppen av verda ikkje er representative for det store fleirtalet.

Atle Hansen, medlem i Stord SV