UTRYGGE: Vaksne endrar seg når dei drikk alkohol, og det synest mange barn er ubehageleg og utrygt, skriv lesarbrevskribentane. Foto: Av og til

Ei trygg og god jul for alle barn

Snart er det jul igjen, men på grunn av koronasituasjonen og smittevernet blir det ei annleis julefeiring i år. Mange barn har kjent seg utrygge dette året. Då er det ekstra viktig at dei vaksne tenkjer over sin eigen alkoholbruk når dei er saman med barn i jula.

Stord kommune er ein Av-og-til-kommune. Me har i fleire år jobba saman med Av-og- til for å førebyggje og redusere alkoholskadar og gjere kvardagen tryggare for alle.

Difor ber vi alle vaksne om å tenkje over sin eigen alkoholbruk når dei er saman med barn i jula. Tenk på om det er barn i juleselskapet ditt som kan ha behov for at nettopp du rekkjer ut ei hand. Vaksne endrar seg når dei drikk alkohol, og det synest mange barn er ubehageleg og utrygt.

Slik kan du gjere jula betre for barn som treng det:

• Bruk alkovit saman med barn. Barn merkar at du har drukke, lenge før du sjølv gjer det, og grensa mellom triveleg og utriveleg stemning er hårfin.

• Dersom du er bekymra for at eit barn ikkje har det bra heime, er det viktig å vise at du bryr deg. Spør barnet korleis det går, og gi det tid og omsorg.

• Inviter barnet med på familieaktivitetar som baking, spelkveld eller skitur.

• Dersom du er usikker på kva du skal gjere, eller mistenkjer at situasjonen er akutt, kan du ringje Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Der kan du få råd og hjelp frå fagpersonell.

Vi ønskjer dykk alle ei god og trygg jul!

Bjarte Straume Epland, Av-og-til-koordinator i Stord kommune

Artikkelen held fram under annonsen.

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til