«I ettertid ser eg likevel at eg som ordførar i forkant av møtet kunne informert gruppeleiarane betre om korleis eg tenkte å handsama interpellasjonen», skriv ordførar Gaute Epland. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ei vanskeleg sak

Handsaminga av interpellasjonen om Husom-brørne i førre kommunestyremøte har skapt debatt. Eg skal vera ærleg og innrømma at eg synest dette er ei vanskeleg sak, og at eg var usikker på korleis denne interpellasjonen best skulle handsamast.

Når eg valde å ikkje leggja opp til røysting, handlar det for det første om at det ikkje er kommunestyret si rolle å handsama einskildsaker som dette. Kommunestyret skal vedta rammene for barnevernet og dei andre kommunale ansvarsområda. Det er nok diverre slik at det er mange som av ulike grunnar meiner at kommunen skuldar dei ei orsaking. Det seier seg sjølv at det ville blitt ein uhandterleg og vilkårleg praksis om me skulle leggja opp til at desse sakene skulle verta avgjort av kommunestyret.

Les også
Stord kommune vel å ikkje beklaga til Husom-brørne: Geir Angeltveit reagerer sterkt

For det andre gjeld dette ei sak som har vorte handsama i rettssystemet og som har fått si løysing i samband med det. Kommunen, ved ein representant som har handla på delegert fullmakt frå kommunestyret, har gjennom heile denne prosessen meint at kommunen ikkje har skuld i at liva til brørne vart slik dei vart. Det er mogleg at dette ikkje var intensjonen, men slik interpellasjonen var utforma, kunne den lesast som om den oppmoda kommunestyret til å fungera som ein slags ankeinstans for tingretten og ta på seg skuld som kommunen gjennom prosessen har meint ein ikkje har. Det er ikkje ei rolle kommunestyret skal ha.

Les også
Me ville beklaga

Den tredje, og viktigaste, grunnen til at eg meinte – og framleis meiner – det ikkje var rett å leggja opp til røysting i denne saka, er at dette er ei sak kommunestyrerepresentantane har varierande kunnskap om, og som dei fleste kjenner berre gjennom media. Grunnen til at ordførar eller ein tredjedel av møtelyden kan motsetja seg røysting i interpellasjonar og andre saker som ikkje står på sakslista, er at desse sakene som regel ikkje har vorte greidd ut på den måten vedtakssaker vert. Det vert hevda at eit fleirtal i kommunestyret ynskte å røysta for forslaget til Angeltveit. Det kan tenkjast. Samstundes veit eg at det var fleire i kommunestyret som meinte dei ikkje hadde god nok kjennskap til denne saka til at dei kunne ta stilling til den, og difor ville ha røysta imot. Dermed ville ein truleg fått ein situasjon der nokre, kanskje eit fleirtal, av representantane røysta for å gje ei orsaking, medan resten røysta imot. Kva orsaking ville det i så fall blitt?

Les også
Vanskelege ord

I ettertid ser eg likevel at eg som ordførar i forkant av møtet kunne informert gruppeleiarane betre om korleis eg tenkte å handsama interpellasjonen. Dermed ville det ikkje ha komme som ei overrasking, og me kunne diskutert korleis me kunne handtert denne saka vidare. Det tar eg sjølvkritikk på.

Eg vil også understreka det eg sa i svaret mitt i kommunestyret: Alle born fortener ein god og trygg oppvekst. Ingen skal måtta oppleva det Husom-brørne har gjort, verken på Stord eller andre stader. Og eg beklagar at kommunen si sakshandsaming for Martin Aleksander sitt vedkommande tok for lang tid, og eg er lei meg for at brørne opplevde ein slik oppvekst medan dei budde i kommunen vår.

For meg er denne saka ei påminning om at den kanskje fremste oppgåva vår – og då tenkjer eg ikkje berre på oss lokalpolitikarar, men på heile lokalsamfunnet –, er å saman gjera det me kan for at flest mogleg skal få oppleva ein god og trygg oppvekst.

Gaute S. Epland, ordførar