Saka om Evy Johnsen (92) som blei sendt heim har fått fleire til å reagera, inkludert Torbjørn Borsvik (KrF).
Saka om Evy Johnsen (92) som blei sendt heim har fått fleire til å reagera, inkludert Torbjørn Borsvik (KrF). Foto: Gabriel Skålevik

«Ei verdig eldreomsorg»

I Sunnhordland 9. august kunne vi lese om Evy (92) som vart sendt heim frå sjukehuset og opplevde at ho ikkje fekk den hjelpa ho trong frå Stord kommune. Enkeltsaker kan sjølvsagt førekomme i travle ferietider, men på det jamne skal det ikkje skje slikt på Stord.

Stord KrF ser at behova innan helse og omsorg vil auke framover. Særleg må kommunen vere opptatt av tilbodet til dei eldre. Det må vere jamvekt mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Kommunen treng fleire sjukeheimsplassar.

Les også: Evy (92) blei sendt heim med hol i hovudet

Vi har i vårt program desse konkrete punkta:

- KrF vil byggje fleire sjukeheimsplassar og vurdere plassering i Sagvåg

Torbjørn Brosvik skriv i lesarbrevet om korleis KrF meiner ein kan få ein betre eldreomsorg.
Torbjørn Brosvik skriv i lesarbrevet om korleis KrF meiner ein kan få ein betre eldreomsorg. Foto: Henrik Mundal Andreassen

- KrF vil ha større satsing på rehabilitering i heimen og dagplassar, og få på plass eit betre mottaksapparat for ferdigbehandla pasientar, slik samhandlingsreforma føreset

- Styrke koordinerande eining slik at personar med samansette problemstillingar får god hjelp

Stord KrF vil ha ei verdig eldreomsorg der alle skal kjenne seg trygge på kommunen stiller med gode tenester. Vi vil sikre at det ikkje kjem fleire avisforsider som det vi såg 9. august.

Røyst på eit parti som er oppteken av menneskeverd i alle fasar i livet – Røyst KrF

Torbjørn Brosvik,

ordførarkandidat,

Stord KrF