«Me har fått ein del reaksjonar frå folk som meiner at dei har fått urimeleg høg takst», skriv ordføra Harald Rydland (KrF) og varaordførar Sigurd Andre Maraas (Frp). Foto: Ingvild Siglen Berger

Eigedomsskatten i Fitjar kommune

Me vil difor oppmoda alle til å sjå grundig gjennom det som kjem fram i vedtaksbrevet, skriv Harald Rydland og Sigurd Andre Maraas.

Fitjar kommune har sendt ut brev om nye takstar og utrekna eigedomsskatt. Lova om eigedomsskatt set krav om at kommunar som har slik skatt, skal føreta allmenn taksering kvart tiande år. Etter to års utsetjing var tida kommen for at me i Fitjar måtte gjera denne jobben.

Me har fått ein del reaksjonar frå folk som meiner at dei har fått urimeleg høg takst.

Kommunestyret sitt ansvar når det gjeld fastsetjing av eigedomsskatt er slik:

◦ Om det skal vera eigedomsskatt i kommunen eller ikkje

◦ Om takstane for bustader skal fastsetjast lokalt, eller ved hjelp av Skatteetaten sine verdiar

◦ Kor høg promillesats, botnfrådrag o.l. me skal ha

◦ Oppnemning av lokal takstnemnd og overtakstnemnd med tre medlemer i kvar

I Fitjar har eit samrøystes kommunestyre avgjort at Skatteetaten sine takstar skal brukast for ordinære bustader. Den lokale takstnemnda skal, i samarbeid med eigedomsskattekontoret i kommunen, fastsetja takst for bustader på gardsbruk, fritidsbustader og næringseigedomar. Dette vert gjennomført slik det er fastsett i lova om eigedomsskatt.

Les også
No er neste års budsjett i Fitjar vedteke

Når det no er sett nye takstar på alle eigedomane i kommunen, må me rekna med at det er nokre av eigedomane som ikkje har fått rett verdi. Me vil difor oppmoda alle til å sjå grundig gjennom det som kjem fram i vedtaksbrevet. Det er råd å klaga på taksten dersom den verkar urimeleg høg. Høgsterett har gjeve uttrykk for at «eiendomsskattetakst skal reflektere eiendommens objektive omsetningsverdi».

Klageordninga er slik at kommunen skal behandla klagar på takstane som er fastsette lokalt, medan Skatteetaten skal behandla klagar som gjeld takst på ordinære bustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

På vedtaksbrevet om eigedomsskatt står det på siste side korleis ein skal gå fram for å klaga. Dersom ein har spørsmål til kommunen sin saksbehandlar kan dette sendast på e-post til eigedomsskatt@fitjar.kommune.no.

Dei som ikkje kan bruka e-post kan få avtale om samtale med saksbehandlar ved å kontakta kundetorget på tlf. 53 45 85 00. Klagefristen er sett til 12. april.

Kommunestyret si fremste oppgåve er å sjå til at innbyggjarane får det dei har krav på av kommunale tenester, og at desse har god nok kvalitet. Kommunestyret arbeider og for at skattar og avgifter ikkje vert sett høgare enn det som er nødvendig.

I Fitjar har ikkje kommunestyret funne rom for å vedta eit kommunebudsjett utan generell eigedomsskatt sidan 2009. Her er me i svært godt selskap med andre kommunar. Fitjar kommune sitt budsjett for 2020 vart vedteke av eit samrøystes kommunestyre.

Les også
Stord kommune med høgaste bukostnadar

Ei trøyst ein kan klamra seg til når rekninga frå kommunen kjem, er at Fitjar kjem godt ut i den årlege bukostnadsindeksen til Huseiernes Landsforbund. For året 2019 var det kun 41 av kommunane i Noreg som hadde lågare bukostnader enn Fitjar. Av kommunane i Vestland fylke var det kun fire kommunar som hadde lågare kostnader. Eigedomsskatt og kommunale avgifter er ein vesentleg del av det som vert målt. Samanliknar me Fitjar med nabokommunane våre i Sunnhordland, kjem Fitjar best ut av alle.

Meir om bukostnadsindeksen kan du sjå ved å følga denne lenka huseierne.no/bokostnad.

Harald Rydland, ordførar

Sigurd André Maraas, varaordførar