Maria Hauge Larsen ønskjer meir kompetanse på ernæring i eldreomsorga i Stord.
Maria Hauge Larsen ønskjer meir kompetanse på ernæring i eldreomsorga i Stord. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

Ein idé å tilsetja klinisk ernæringsfysiolog?

Det er kommunane si oppgåve å sikre eit heilskapleg omsorgstilbod for bebuarar i sjukeheim og som brukarar av heimebaserte tenester, ifølgje Samhandlingsreformen frå 2012.

Dette inneber blant anna hjelp til ivaretaking av naudsynte behov, deriblant hjelp til tilstrekkeleg og rett ernæring hos brukarar og pasientar.

Som sjukepleiar i heimebaserte tenester, og med erfaring både frå sjukehus og sjukeheim har eg mykje kjennskap til eldre og sjuke med eit utfordrande forhold til ernæring. Me har brukarar med alle typar diagnosar. Kreft og kosthald er til dømes ofte eit problem for den enkelte, då sjukdommen og behandlingane dei gjennomgår forandrar både smakssans og matlyst. Personar med demens har og ofte problem med å få i seg nok mat. Mange har ikkje matlyst, og fleire gløymer rett og slett å ete.

Desse utfordringane er velkjende, og noko både sjukepleiarane, helsefagarbeidarane og ufaglærte brukar mykje tid og ressursar på. Me observerer, dokumenterer, og set i gong tiltak. Ofte er tiltaka å vera til stades med brukarane medan dei et. Me skal «feite opp» kosten med smør og egg, og oppmuntra til å ete. Me har samtalar med fastlege, og ordnar næringsdrikkar. Me har vektskjema, drikkeskjema, kostskjema og avføringsskjema. Eg vil skryte mine kollegaer opp i skyene for godt arbeid med fokus på ernæringsproblematikk i ein hektisk arbeidskvardag. Samstundes ser eg behovet for ein fagperson i kommunen som har dette som sitt arbeidsområde. Ein person me kan rådføre oss med i vanskelege situasjonar. Der pasienten ikkje vil ete, ikkje har matlyst, et for mykje, eller feil mat. Ein me kan rådføre oss med når brukaren ikkje likar smaken på næringsdrikken, når brukaren går ned i vekt, eller når personen med sondemat går opp i vekt. Ein me kan rådføre oss med i forhold til det havet som finst av ulike næringsmiddel.

Det er gode «innsparingstider» i helse og omsorgssektoren over heile landet. Klinisk ernæringsfysiolog blir i kommunane ofte nedprioriterte då budsjetta ikkje tillater dette. Det er og ei stilling det er vanskeleg å måle resultatet av, då arbeidet omhandlar mykje førebygging. Men i den store samanhengen vil eg påstå at kommunen vil komme til gode ved å tilsetje ein klinisk ernæringsfysiolog. Fyrst og fremst vil god og rett ernæring gi ei friskare brukargruppe, og mogelegvis færre sjukehusinnleggelsar og komplikasjonar. Dette vil medføre færre behov for kort- og langtidsplassar i kommunen. For det andre vil ein klinisk ernæringsfysiolog medføre frigjering av ressursar og tid for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre tilsette i det daglege arbeidet. Sist men ikkje minst så vil ein klinisk ernæringsfysiolog gi ei høgare kvalitet på dei helse- og omsorgstenestene kommunen tilbyr.

Erfaringsvis vil eg påstå at Stord kommune er gode på dei helsetenestene dei tilbyr. Eg opplev dei aller fleste brukarar som nøgde og takksame for den hjelpa dei får. Trass for få institusjonsplassar har Stord kommune gjort ein god jobb i oppbygging av dei heimebaserte tenestene, som sikrar at brukarar kan bu heime sjølv med alvorlege sjukdommar og stort omsorgsbehov. Dei har tilsett dyktige fagfolk som brenn for jobben sin både i heimebaserte tenester, sjukeheimen og Knutsaåsen. Men som helsepersonell i pleien har me eit breitt ansvarsområde hos eit mangfald brukarar og pasientar. Me har ikkje inngåande kunnskapar i ernæring på same måte som ein klinisk ernæringsfysiolog med 5 års utdanning har innan dette. Heller ikkje fastlegane har denne kompetansen, med eit halvt års ernæring i løpet av medisinstudiet. Me gjer så godt me kan kvar dag, men samstundes ser me behovet for rettleiing, anbefalingar og fagleg støtte i vanskelege kostholdsrelaterte problemstillingar.

Helsedirektoratet føreslår at det bør vera ein klinisk ernæringsfysiolog per 10.000 innbyggjar for å etablere klinisk ernæringsfagleg kompetanse i kommunane. Stord kommune nærmar seg no 20 000 innbyggjarar, og det næraste me kjem ein klinisk ernæringsfysiolog er ein av dei to tilsette i Helse Fonna (Haugesund), og som treng tilvising frå sjukehuset for kontakt. Berre 2,5 prosent av kliniske ernæringsfysiologar jobbar i dag kommunalt, og av den prosenten er flest tilsett i storbyar i Noreg. Eg vil utfordre Stord kommune til å vera ein av få kommunar i Noreg som set fokus på god førebygging og ernæringskompetanse, og ofrar ideen om tilsetting av ein klinisk ernæringsfysiolog ein tanke. Sjølv om Stord kommune er gode, må ein alltid tilstreba å gjera helse- og omsorgstenestene enda betre.

Maria Hauge Larsen,

sjukepleiar