ENGASJERT: Per Jan Ingebrigtsen (innfelt) er ein av mange på tribunen som har meiningar om Stord Fotball. I staden for å vera ein klubb, der spelarane står fritt til å velja nye klubbar, meiner han klubben heller bør leggja forholda betre til rette, slik at Simen Grov og andre spelarane heller vil bli verande i klubben. Foto: Eirik Strømme Spjeld og Anita Haugland

Ein perfekt match?

Stord fotball har fått ny trenar, og han skal sjølvsagt også verta ønska velkommen av oss gamle tribuneslitarar. Ifølgje «Sunnhordland», fann ikkje den islandske avtroppande trenaren heilt trylleformelen – men så var det heller ikkje laget til Harry Potter han trena …

Stord har i år synt klår framgang, samanlikna med dei to seinaste åra, og det skal me takka både trenar og spelarar for.

Magi stig opp av målmedviten satsing over tid, det veit eg noko om, som i eit heilt vaksenliv har jobba med prestasjonsgrupper innanfor andre sjangrar enn fotball – men som likevel er smitta av fotballbassilla.

Når den unge nye trenaren får spørsmål om kvifor Stord er ein god match for han, så svara han blant anna at styret gav han eit godt innblikk i korleis dei tenkjer langsiktig, ikkje berre år til år, anten i form av opprykk eller å unngå nedrykk. Det er ei ung spelargruppa med ambisjonar, der spelarane skal få lov å gå til Brann, Åsane eller Haugesund.

I same farten som styret har drege fram Åsane som ein aktuell klubb for ambisiøse Stord-spelarar, så kunne dei vel like gjerne komme opp med Lysekloster, Fyllingsdalen og Fana – lag som også har ei langsiktig målsetjing i å vera meir enn ei fotball-svingdør ut mot andre klubbar…

At unike talent går vidare – treng ikkje vera med i noko målsetjing, det vil likevel skje når rett tid kjem, men dei fleste av spelarane er talent som kan utvikla seg vidare i Stord, og vera med å få laget opp ein divisjon.

Å få inn ein spelarsolidaritet med laget dei er tilslutta, burde stått øvst på tavla til nye-trenaren, og den bør vera fjern for svingdør-mentalitet.

Eg kan ikkje lesa noko om korleis ein skal legga til rette for, og gjerne prioritera spelarar som ønsker å spela i Stord over tid.

Me er her på Stord så heldige å ha eit næringsliv i elitedivisjonen. Dei har, og har hatt ambisjonar om å få noko til her på øya – og lukkast.

Korleis kan ein gå fram for å få eit samarbeid med næringslivet slik at ein kan kjøpa fri litt av treningstida for etablerte spelarar som først og fremst ønsker å vera Stord-spelarar? Kva kan fotballgruppa yta tilbake til næringslivet? Nokre reklameplakatar på stadion er truleg ikkje nok. Her trengs kreativ tenking som kan kombinerast med praktiske tiltak.

Til sist: At den nye trenaren er nøgd etter møtet med fotballeiar og styret, er vel og bra. Kanskje fotballgruppa bør ta initiativet til at han også får møta nokre av oss publikummarar – som har meiningar, tufta på laget ein har fylgt i tjukt og tynt?

Slike møte mellom «scene og sal» er ikkje uvanleg i det profesjonelle teateret. Kanskje fotballen her har noko å læra? I alle høve kan det auka medvite om at ein også har eit publikum å ta omsyn til.

Per Jan Ingebrigtsen