ELDRE: Liv Kari Eskeland (H) skriv at Ap og Sp har stroke posten med prosjekt for å byggje tryggleiksbustader med tilrettelagt livsløpsstandard, frå framlegget til statsbudsjettet. Prognosar viser at Stord kommune vil ha 1.550 fleire eldre over 80 år i 2050. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ein trygg alderdom

Høgre sin gruppeleiar Øyvind Kyvik har spurt kommuneleiinga om kostnadane ved opning av nye sjukeheimsplassar. Han får gode svar, men også urovekkjande svar som viser at det er svært kostnadskrevjande å opne nye plassar på sjukeheimen.

Les også
Så mykje kostar ein flunkande ny sjukeheimsplass i Stord

Under regjeringa Solberg vart det jobba mykje med utfordringane spesielt distrikta står overfor framover; Vi vert stadig fleire eldre, og vi må ruste samfunna våre slik at vi kan ta godt vare på våre eldre og gje dei ein god og trygg alderdom. Høgre sitt svar har vore å starte eit prosjekt for å byggje tryggleiksbustader med tilrettelagt livsløpsstandar, bustadar som kommunen skal byggje med statleg tilskot, men som kan leigast eller eigast av dei eldre. Desse skal vera sentralt plassert i nærleiken av butikkar, handlesenter, bibliotek og kafé, slik at vegen vert trygg og kort både til desse funksjonane, og til naboen for å slå av ein prat.

Les også
Eldre trenger trygge boliger

Men utan å ha ein plan B, har Arbeidarpartiet og Senterpartiet no stroke prosjektet frå sitt framlegg til statsbudsjett. Dette er overraskande fordi ny helseminister frå Ap, Ingvild Kjerkol, tidlegare har rosa ideen og sagt at slike bustadar bør byggjast over heile landet, ikkje berre i distrikta.

Les også
Eldreomsorga i Stord kommune

Prognosen viser at Stord kommune vil ha 1550 fleire eldre over 80 år i 2050. Det tilsvarar 90 nye institusjonsplassar. Ein stadig aukande andel eldre krev at vi tenkjer nytt. Husbanken sine gode tankar kring tryggleiksbustader ville vera eit viktig bidrag til alle landet sine kommunar, eit framlegg som no er lagt i skuffen. No må vi til med nye rundar, i mellomtida vil dette gå ut over ein allereie pressa kommuneøkonomi. Men det mest alvorlege er at våre eldre ikkje får eit godt tilrettelagt tilbod når dei treng dette, eit tilbod som hadde bidrege til at dei kan greie seg sjølv i eige husvære lengre. Det hastar difor å finne alternative løysingar. Og finn ein ikkje desse, kan det vera greitt å vite at det ligg eit gryteklart konsept å ventar, om ein er villig til å gå vidare med andre sine gode idear.

Liv Kari Eskeland

Stortingsrepresentant

Transport- og kommunikasjonskomiteen (H)