Ropar varsku: Dei tilsette i Skogatufto barnehage er lite nøgde med uføreseielege rammevilkår frå politikarane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eit hjartesukk frå dei tilsette i Skogatufto barnehage

Som tilsette i kommunal barnehage kjenner me på ei stor uro rundt at kommunen vil innskrenka det kommunale barnehagetilbodet nok ein gong. Frå før av er Litlabø barnehage lagt ned og Skogatufto barnehage har levd under nedbemanning, oppbemanning og omstrukturering i samband med innsparing ein gong før; no vil de gjere det igjen. I tillegg kjenner me på uroa for at nok ein kommunal barnehage står i fare for å bli stengt heilt ned.

Barnehagane som system har vore gjennom og jobbar kontinuerleg med større og mindre endringar og tilpassingar med bakgrunn i tydlegare krav. Føringar og retningslinjer frå sentralt hald er blitt mykje tydlegare, retning og krav til innhald, samt forventningar til kompetanse og drift frå eigar aukar og samarbeidet med foreldre og føresette er grunnleggjande viktig heile vegen.

Les også
Opposisjonen vil redda barnehagane

Både sentralt og lokalt er det krav om kompetanseheving, tidleg innsats, overgang barnehage-skule og inkluderande barnehagemiljø. Utifrå desse krava har alle dei kommunale barnehagane til no gjort ein, og legg framleis ned ein, formidabel innsats når det gjeld å auka kompetansen blant alle tilsette og styrkja foreldresamarbeid. Alle dei kommunale barnehagane har sidan 2015 jobba målretta med kompetanseheving av alle sine tilsette med fokus på vaksenstilar, relasjonar, førebygging, tidleg innsats og viktigheita av eit godt og tillitsfullt foreldresamarbeid. Som ei forlenging av dette har Skogatufto barnehage no eit samarbeid med NLA-høgskulen i Bergen gjennom Regional kompetanseutvikling (REKOMP). Her jobbar me med aksjonsforsking med ønske om å styrke vårt samarbeid med foreldra/føresette enno meir.

Alle kommunen sine barnehagar opplever å ha lukkast med den målretta jobbinga. Dette opplever me i form av eit godt foreldresamarbeid, godt og veksande omdømme for barnehagane våre og oppleving av trygge barn som trivast i dei kommunale barnehagane. Resultata syner blant anna att i brukarundersøkingar, jamlege gode tilbakemeldingar frå foreldre og jamt over god søkjartilgang. For Skogatufto sin del opplever me no at den innsatsen me har lagt ned blant anna fører til ei positiv auke i søknadar med barnehagen på 1.-prioritet til no. Av alle dei innkomne søknadane har halvparten oss som nummer 1.

Les også
Foreldre og barnehagetilsette heldt tordentalar under open høyring på Rådhuset

Forsking viser at det kan ta år å etablera ein god relasjon mellom barn og tilsette, tilsette og føresette, barn-barn. Ved ei eventuell nedlegging av ein heil barnehage og/eller delar av Skogatufto, ser me at det vil føre til oppbrudd av barnegrupper og bryting av vennskap, samt omplasseringar av tilsette. Relasjonar vert brotne og me kan risikera å bryta ned tryggleiken til både barn, føresette og tilsette. Som tilsette i dei kommunale barnehagen veit me korleis ein uro i livet til barna kan føra til åtferdsendringar, fysiske og psykiske utfordringar. Me kan ikkje sjå og forstå at å planleggje for oppbrot i barn sit liv kan føra til noko økonomisk vinning på sikt?

Når det gjeld barnehagen me representerer, har me allereie trekt fram den positive auken i søkjarar- desse ønskjer me å ha med oss på lag i vår kommunale barnehage. Skogatufto er og i samarbeid Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter; eit samarbeid som har fått pris for innovasjon og nytenking. Me har skrive samarbeidsavtale for to år i denne omgang og har planar om å drive dette samarbeidet inn i framtida. Reduserer de oss til ein liten barnehage ser me at de kan gje utfordringar organisatorisk når me skal sende grupper av barn og tilsette på besøk. Berre ei av fleire skilnadar som kan tenkjast ved å redusere Skogatufto frå ein mellomstor til liten barnehage – mest undrast me oss kring det fakta at det mest sannsynleg ikkje vil ha noko økonomisk vinst på sikt?

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska

Som tilsette har me oppleving av at alle våre barnehagar jobbar konsekvent med ei miljøbevisst og økonomisk drift. Som døme på dette kan nemnast at dei kommunale barnehagane bidrar til økonomisk innsparing ved at me er miljøfyrtårn og baserer mykje av drifta vår på bruk av natur- og gjenbruksmateriale i tråd med berekraftig utvikling.

Som tilsette fryktar me at ei eventuelt redusering i tilbodet til dei kommunale barnehagane vil forringa mykje av den kvaliteten, kompetansen og omdømme me no har klart å bygd opp. Me har og ei uro kring tilgang til kompetent personale i framtida då me no opplever det som om at det no leggjast opp til at kommunale barnehagar skal drivast på ein måte som skapar usikkerheit kring kor ein jobbar og om ein faktisk har jobb. Er det å vere ein attraktiv arbeidsgjevar? Er det å leggje opp til eit inkluderande barnehagemiljø for våre små barn, der miljøet pregast av stabilitet, trygge relasjonar, godt arbeidsmiljø og god felles kompetanse mellom alle faggrupper som jobbar i barnehagen?

La oss alle få vera i fred!

Me har full forståing for utfordringar kommunen no står i økonomisk;, la oss saman finna ei anna løysning. Me treng alle dei kommunale barnehagane og det mangfaldet dei representera. Me treng, små som store, stabilitet!

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsing dei tilsette i Skogatufto barnehage