SVAR: – Den nye kollektivterminalen med parkering og kontor vil vera eit viktig tiltak for å utvikla Leirvik til ein attraktiv møteplass for innbyggjarane på Stord, skriv Stord-ordførar Gaute Straume Epland i svar til Naturvernforbundet. Foto: Ingvild Siglen Berger

Eit viktig sentrumstiltak

I eit ope brev til Stord kommune v/ordførar publisert i Sunnhordland like før jul utfordrar Naturvernforbundet meg som ordførar til å vurdera det planlagde prosjektet med ny kollektivterminal, parkering og kontorlokale opp mot berekraftsmåla.

Bakgrunnen for utfordringa er Vestland fylkeskommune sin uttale til det pågåande planarbeidet, der fylkeskommunen fremjar fleire innvendingar mot prosjektet, m.a.:

– Det er uheldig å oppheva gjeldande reguleringsplan for miljøgata, og opna for fleire parkeringsplassar ved å byggja parkeringshus.

– Stord kommune bør heller satsa på å etablera parkering i randsona av sentrum.

– Parkeringsanlegget vil gje privatbilen eit fortrinn i høve til buss og sykkel.

– Det må leggjast vekt på estetikk og grøne strukturar, og ikkje leggjast opp til biltrafikk på dei finaste stadene i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret vil snart handsama forslaget til reguleringsplan og i den samanhengen ta stilling til innspelet frå fylkeskommunen. For eiga rekning vil eg hevda at fylkeskommunen i det vesentlege bommar i kritikken sin av planane.

Les også
Terminalplanen

For det første vil ikkje det å leggja opp til parkering i etasjane over det nye kollektivknutepunktet naudsynleg medføra netto auke i parkeringsplassar i Leirvik sentrum. Talet parkeringsplassar skal sjåast i ein større samanheng der også eventuell gjeninnføring av parkeringsavgift vil vera eit viktig tema. Formålet med å byggja parkering over kollektivknutepunktet er framfor alt å samla parkeringsplassane i sentrum, for på den måten å frigjera (grått) areal som i dag går med til parkering og utvikla dette til nye næringsbygg, grøne lunger og andre tiltak for å gjera sentrum trivelegare og meir attraktivt – i tråd med byromsstrategien eit samla kommunestyre vedtok i fjor.

For det andre er det etter mitt skjønn ikkje nokon grunn til å tru at parkering i randsona av Leirvik vil fungera. Noko slikt føreset eit kollektivtilbod tilsvarande det ein har i dei største byane i landet. Det er veldig mykje bra å seia om utviklinga i Leirvik sentrum for tida, med mange spennande nye etableringar og fleire på trappene i åra som kjem. Noko av det viktigaste det offentlege kan gjera for å byggja opp under denne utviklinga, er å leggja til rette for at folk enkelt skal kunna komma seg til og frå sentrum. Med sykkel og kollektiv, ja – men også med bil, som realistisk sett vil vera eit viktig framkomstmiddel på Stord også i framtida – men då i aukande grad med nullutsleppsteknologi.

Eg er overtydd om at den nye kollektivterminalen med parkerings- og kontorlokale er eit av dei viktigaste sentrumstiltaka i tida framover. Prosjektet vil løysa fleire ting på same tid:

– Etablera eit permanent, nytt og moderne kollektivknutepunkt på Leirvik som legg til rette for auka kollektivbruk.

– Frigjera Sunnhordlandskaien slik at denne kan utviklast til eit park- og aktivitetsområde for folk på Stord og tilreisande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samla parkeringsplassar på éin stad og slik frigjera areal som kan utviklast til å gjera sentrum grønare, trivelegare og meir attraktivt.

– Etablera nye kontorlokale i sentrum til kommunale og moglegvis andre arbeidsplassar og tenester.

Så er eg heilt samd i at det må stillast strenge estetiske krav til eit bygg av denne typen midt i indrefileten av Leirvik. I tillegg må det stillast strenge miljø- og klimakrav til materialbruk og byggjeprosess. Eg meiner også me no i samband med handsaminga av reguleringsplanen bør sjå på moglegheita for å etablera eit nytt grønt aktivitets- og opphaldsareal på taket av bygget, med utsikt over resten av sentrum og innseglinga til Leirvik. Det kunne verkeleg blitt noko flott!

FN sine berekraftsmål handlar om å ta vare på behova til menneska i dag, utan av det går utover framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få dekkja sine. Både med omsyn til klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Den nye kollektivterminalen med parkering og kontor vil vera eit viktig tiltak for å utvikla Leirvik til ein attraktiv møteplass for innbyggjarane på Stord. Den vil styrka grunnlaget for å driva handel og anna næringsverksemd. Og den vil styrka Leirvik som regionssenter. Slik vil den også vera eit viktig bidrag til å skapa ei berekraftig utvikling for folk og verksemder i kommunen vår.

Gaute S. Epland

Ordførar