ELDREOMSORG: – Eg blir oppgitt når eg går forbi gamle sjukeheimen og ser mørke vindaugo og tomme rom og veit at mange eldre kunne fått ein trygg og verdig alderdom her, skriv Sigurd Riise i lesarbrevet. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Eldreomsorga i Stord kommune

Det har vore skrive og sagt mykje om eldreomsorga i Stord kommune. No er det tid for budsjetthandsaming og prioriteringar av tiltak.

Difor kan det vera på sin plass å synleggjera situasjonen for mange eldre i kommunen gjennom situasjonen for mor mi.

Ho blir 99 år om eit par månader, bur i eigen bustad. Dei siste åra har helsa svikta meir og meir med til dels alvorlege diagnosar som fører til redsle og utryggleik åleine i eigen heim. Demensen kjem snikande og øydelegg korttidsminnet. Matlysta er dårleg og ho blir lettare og lettare på vekta. Syn og høyrsle blir også dårlegare og dårlegare og vanskeleggjer eigen aktivitet.

Les også
Så mykje kostar ein flunkande ny sjukeheimsplass i Stord

Ho har eit hjelpebehov som kommunen løyser med heimesjukepleie og alarmsystem. Hugsar ho korleis ho brukar alarmen?

Svært mykje fell likevel på dei næraste med å tilrettelegga for ein god og trygg kvardag for den eldre.

Søknad om plass i institusjon er avslått utan grunngjeving, men med tilbod om hjelp i heimen.

Heimesjukepleiarane gjer så godt dei kan, men har det så travelt at dei berre må springa vidare til neste hjelpetrengjande.

Den eine dagen kjem dei for å laga frukost og gje henne livsviktige medisinar klokka åtte om morgonen, neste dag blir det frukost og medisinar klokka halv tolv. Kva gjer dette med medisinering, ernæring og forutsigbarheit?

Les også
Eldrerådet: – Fem nye plassar er for lite

Det har vore fokusert mykje på kor viktig ernæring og aktivisering av eldre er for eit verdig liv, men det er diverre langt mellom liv og lære i vår kommune.

Eg blir oppgitt når eg går forbi gamle sjukeheimen og ser mørke vindaugo og tomme rom og veit at mange eldre kunne fått ein trygg og verdig alderdom her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg les med gru rådmannen si tilråding om betydelege nedskjeringar i eldreomsorga.

Nei, det er stort behov for oppbemanning av heimesjukepleie og institusjonstilsette og fleire institusjonsplassar i kommunen slik at det kan gje dei hjelpetrengjande eldre i kommunen ein trygg og god kvardag.

Eg ber difor dei folkevalde ta på alvor situasjonen for mange eldre i Stord kommune når dei no skal laga budsjett for 2022!

Sigurd Riise

Les også
Eldrebølgja slår inn over Stord med stor kraft. Slik rustar kommunen seg mot sjukeheimskrise
Les også
– Det hjelper ikkje at me skjer ned til beinet