STRAUM: – Energi, som er ei så viktig vare for samfunn og utvikling, må i sterkare grad enn no, styrast gjennom politiske vedtak og ikkje gjennom den frie marknaden, skriv Nils Magne Blålid i SV. Arkivfoto: Marius Knutsen

Elefanten i rommet 2

Tittelen viser til eit lesarinnlegg av Roald Agdestein i Sunnhordland 26.12.21, der han skriv om energiloven som ei hovudårsak til høge straumprisar.

Energiloven, vedteken av Stortinget 29. juni 1990, opna for ein fri marknad for kjøp og sal av elektrisk energi. Sidan 1990 har denne frie marknaden gradvis blitt utvida, til no å gjelda store deler av Europa. Straum til norske forbrukarar er, også på grunn av dette, denne vinteren blitt rekordhøg.

Noverande regjering har vedteke å dekka litt av desse auka straumutgiftene (kostar totalt ca. 10 milliardar kroner, inkludert auka bustøtte og kutt i elavgift) til innbyggjarane.

Les også
Elefanten i rommet

Utfordringane er om:

1) Storting og regjering skal halda fram med å løyva «milde» gåver til folket kvar gong straumprisen stig over 70 øre pr. kWh.

2) Storting og regjering skal «ta det vonde ved rota»; og endra energilova frå 1990. Då må dei og løysa dei vanskar som måtte oppstå i forhold til EU og EØS-avtalen når energilova skal endrast. Det vil også kunna bety lågare utbytte for kommunar som eige energiselskapa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbyggjarar og bedrifter må få straum til ein pris som er meir i samsvar med det det kostar å produsera straum frå vasskraft i Norge. Det kostar ca. 11 øre pr. kWh. Straumen må sendast gjennom eit linjenett som er stabilt og effektivt. Energi, som er ei så viktig vare for samfunn og utvikling, må i sterkare grad enn no, styrast gjennom politiske vedtak og ikkje gjennom den frie marknaden.

Nils Magne Blålid

Stord SV