– La oss ynskja fleire private aktørar velkomne til samarbeid med kommunen – slik at viktige samfunnsoppgåver kan verta løyst til det beste for innbyggjarane i Stord kommune, skriv Lillian Olsen. Illustrasjonsfoto: Atle Hansen/Arkiv

Elefanten i rommet?

Ja vel, så har Stord kommune store økonomiske problem – noko me alle – i det minste - kan vere samde om!

Utfordringa vert korleis me saman kan finne gode løysingar på problemet. Det vert ein håplaus situasjon om alle skal sitje på kvar si tuve og kjempe for sitt.

Slik eg ser det, ut frå eit innbyggjarperspektiv, lyt me løfte blikket og tenkje oss ulike scenario i forhold til kva for tenester ein som borgar har behov for. Eine dagen har ein behov for barnehage, den neste har ein kanskje fått alvorleg sjuke i familien. Kanskje har ein nære familiemedlemmer med rus- og psykiatriproblem, og sist, men ikkje minst – kva med dei pleietrengjande eldre?

Det kan ikkje vere lett å vere politikar! Politikarane lyt ha eit heilskapleg bilete av situasjonen for å kunne foreta naudsynte val og prioriteringar – noko eg set mi lit til at dei har! Ein lyt prøva å finne løysingar og det er dette som skapar frustrasjon når ein må ta frå nokon for å gje til andre.

Personleg trur eg løysinga på problema ligg i auka grad av samhandling mellom kommunen og private aktørar.

I så måte har både ULOBA og FUS-barnehagar vist seg å vere viktige brikker i lokalsamfunnet vårt.

Når kommunen er økonomisk på felgen – ja då handlar det om å frigje midlar der ein kan!

Dagens situasjon innan helse- og omsorgssektoren er alvorleg og eg meiner det fyrst og fremst er her ein lyt ta grep! Hugs det er unnatakstilstand i kvar ein familie når ein står i ein situasjon med pleietrengjande og alvorleg sjuke familiemedlemmer!

Framover vil det vera urealistisk å ha som målsetjing at alle eldre, som vil ha behov for ulike typar helsetenester, skal inn i ein institusjon. Derimot vil det verta auka behov for at flest mogeleg av dei eldre får utført helsetenester i heimane sine. Allereie i dag har me for få nevar til det.

Samfunnet har behov for nye typar arbeidsplassar med nye samansetjingar av arbeidsoppgåver og yrkesgrupper. Tida er overmogen i forhold til innovasjon og naudsynte endringar. Blant anna kan bruk av ny velferdsteknologi her verta nemnt. I den samanheng er det viktig å påpeike at kunnskap òg vert rekna som teknologi!

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgskulen på Vestlandet (HVL), lokalisert på Rommetveit, vil i så måte vere ein særs viktig bidragsytar. Dette er ein utdanningsinstitusjon som tar sikte på seg å utdanna arbeidstakarar for morgondagen sine utfordringar.

Lokalsamfunnet på Stord har behov for nytenking – og jo raskare me erkjenne behovet for forandring – dess snarare kjem me i gong! La oss ynskja fleire private aktørar velkomne til samarbeid med kommunen – slik at viktige samfunnsoppgåver kan verta løyst til det beste for innbyggjarane i Stord kommune.

Lillian Olsen

Stord