Ny kamp: Endå ein gong må elevar og tilsette ved Fitjar vgs- kjempa for studietilbodet. Her er seks av elevane på vg1 design og handverk på Fitjar vgs. Frå v. Maya Hairi, Emilie Jacobie Isdal, Amalie Espevoll, Alexander Opstrup, Åsmund Eikeland Hansen og Sultana Khalil. Foto: Ingvild Siglen Berger

Elevar i Sunnhordland kan stå utan tilbod i praktisk estetiske yrkesfag i vidaregåande skule

Opplæringsavdelinga i det nye fylket Vestland, vil leggja ned Fitjar vgs. sitt studietilbud innan design og handverk frå hausten 2020.

Fitjar vgs., som har over 20 års erfaring med praktisk estetiske yrkesfag, er no den einaste skulen i sunnhordland som har eit studietilbud innanfor dette viktige fagområdet. Blir tilbudet på Fitjar Vgs lagt ned, betyr det at heile Sunnhordlansregionen står utan utdanningstilbod som fører til frisør, blomsterdekoratør og interiør- og utstillingsdesign.

Opplæringsdirektøren i Vestland fylke har tidlegare lova at alle skal få ei utdanning i sitt distrikt, men det næraste tilbodet innanfor dette fagområdet vert frå hausten 2020 lagt til Årstad vgs i Bergen.

Me trur at få 15-16 åringar kjenner seg klar og modne nok til å flytta på hybel til ein storby. Dei treng dette første grunnleggjande året i den vidaregåande skulen til å finna ut kva dei vil velja vidare, og Fitjar vgs har lokale, utstyr, kompetanse og eit godt samarbeid med lokale bedrifter der elevane får prøva seg i praksis. I tillegg har me Vg3 påbygg som fører til generell studiekompetanse. Me er ein liten skule med stor trivsel og læring, og det vil vera frykteleg synd dersom dette studietilbodet vert lagt ned!

I den nye fagplanen for grunnskulen skal dei kreative faga no vektleggjast i større grad enn før, med fokus på skaparglede og utforskartrong. Ein vil at elevar skal søkja seg til praktiske og kreative fag fordi det er viktig for framtida, men legg likevel ikkje til rette for eit slikt tilbod i den vidaregåande skulen i distrikta. Er dette god distriktspolitikk?

Det hastar med å opplysa dei politiske organa om stoda, fordi endeleg avgjerd i fylkestinget skjer allereie 10. desember i inneverande år.

Med håpfull helsing frå elevar og lærarar på Design og handverkslina på Fitjar vgs.