KUTT: Å erstatta ferjer med bru der det er mogeleg, vil gi store utsleppskutt og spara store mengder energi, meiner Jan Helge Nesse. Arkivfoto: Marius Knutsen Foto: Marius Knutsen

Elferjer eller gassferjer over Bjørnafjorden er som val mellom kolera eller pest

Framleis ferjedrift over Bjørnafjorden er verken klimavennleg eller miljøvennlege, skriv Jan Helge Nesse.

Det blir om lag det same om dei blir driven av gass eller elkraft. Dei som såg tv-programmet om vindkraftverk på Haramsøy tysdag, fekk sjå kva konflikt det medførte i lokalsamfunnet og dei naturinngrep desse vindmøllene førte til. Vindmøllene på Haramsøy er rekna å gi 112 GWh årleg, tilsvarande forbruk til 7.000 husstandar.

El-ferjer over Bjørnafjorden vil krevja 175 GWh årleg, tilsvarande 11.000 husstandar, eller tilsvarande Larvik by. Det vil seia at det vert kravd 1,5 gonger slike vindkraftanlegg som på Haramsøy for å halda eventuelle framtidige elferjer over Bjørnafjorden i drift.

Dagens gassferjer slepp årleg ut ca. 90.000 tonn CO₂. Til samanlikning vil det prosjektet som har skapt stor debatt, med å gjera Oslo sentrum fri for fossilkøyretøy rekna å spara 27.000 tonn i årleg utslepp av CO₂. Med andre ord berre ca. ein tredjedel av utsleppskutta bortfallet av dagens ferjer over Bjørnafjorden ville gi.

Å erstatta ferjer med bru der det er mogeleg, vil gi store utsleppskutt og spara store mengder energi. Denne energien kan brukast på ein mykje betre måte som sparer både natur og miljø og som kan skapa nye, grøne arbeidsplassar.

På tide å starta bygging av Hordfast og få bort ferjene!

Jan Helge Nesse