ELG OG TURBIN: Herman I. Aadland (innfelt) vil heller ha elg enn vindturbinar i Fitjar. Foto: Kurt Harry Dahl / Per Egil Larsen / arkiv

Elgen og turbinen

Ein fabel med alvor i botnen.

Om eg hadde makta i Fitjar,

eg bytte bort vindkraft mot elg!

For elgen som tuslar i lendet,

er stileg og langt frå ufjelg.

Det kan eg ´kje sei om turbinar

som kveser og høgg mot det blå,

som blinkar som raude rubinar

og ropar at alle må sjå!

«Sjå galskapen her oppi høgda,

sjå, keisarens nye kle´

Artikkelen held fram under annonsen.

som veiftar i nordavinden

som avnåla juletre!»

Dei gnålar og gneg i auga,

til plage for folk og fe.

Først dagen dei fer til «pises»,

kan godtfolk få ro og fred!

Sjå, elgen som sømde fjorden

og valde vår vakre øy,

kva gale har han utretta

som kanskje brutalt må døy?

Artikkelen held fram under annonsen.

Skyt heller ned vindturbinar

som plagar dei fleste her,

og byt dei i trauste elgar

som vakre for auga er!

Dei ter seg så fint i skogen

og tek ikkje stort av plass.

Det kan me ´kje sei om skramlet

som veiftar og skaper trass!

Om talet på fitjar-elgar

vart fastsett til femtifem

Artikkelen held fram under annonsen.

i byte mot fuglekverner

som myrdar med fynd og klem.

Då sku´ det blitt fart i bygda

med tilflytting, liv og stas!

Og kanskje litt elg på bordet

og perler i høge glas?

Eg ser han på Grønafjellet,

ser Skogkongen, rank og sterk,

der Mortensen ser turbinar

og endå meir skadeverk.

Kva tid skal vel folket læra

naturen sin puls og pust?

At det som me skulle verna,

vert ete av mol og rust!

Han glepper or våre hender,

den fagraste skatten vår.

Når vitet vert bytt mot pengar,

naturen til grunne går.

Nei, gje oss ein elg i fjellet,

på Stranda og Tufteland.

Lat hjorten få konkurranse,

han treng det, minsanten, han!

Han trudde han var åleine

og var i sin fulle rett,

lik oppblåsne vindbaronen

som aldri blir nøgd og mett.

Om me ikkje tek til vitet

og vernar om kysten vår,

vert han som ei nålepute

og herja av stygge sår.

Kven vil då vel vitja røysa

som nordmannen selde vekk,

for usle små judaspengar

til storfolk med pengesekk!?

Les også
Var 10 meter frå skogens konge på Fitjar

For nokon er vindkraft «Konge!»

og «Dronninga» skadd natur!

Men no er det veldig mange

som ryggen til dette snur.

Dei ser at det går ad undas

med landet me held så høgt.

Det hastar å opna augo,

og det bør skje veldig snøgt!

Når veka vår lir mot enden,

då lengtar eg etter helg.

Eg vil ikkje sjå turbinar

men gjerne ein sterkbygd elg!

Ein skapning i Herrens hage,

ei urkraft frå skaparhand,

og ikkje eit fugleskræmsel

som vanvørder øy og land!

Herman I. Aadland

Les også
Lagar film på Midtfjellet for å visa vindkraft-motstand