VINDKRAFT: «Det er ei skam at det skal ta så lang tid for politikarane å høyra stemmene til folket», skriv Karina Gullberg-Vinje i Stord SU. Foto: Privat / Henrik Mundal Andreassen

Endeleg vert folket høyrde!

Vindmølleparken i Midtfjellet på Fitjar består no av 55 vindturbinar. Produksjonen byrja i 2013 med 44 turbinar. Dei siste 11 turbinane var sett opp i 2015. Planlegging for prosjektet starta i 2006 og allereie då byrja folk å vise usemje.

20. oktober skreiv to av våre lokale stortingsrepresentantar om korleis regjeringa skal endeleg byrja å leggje vekt på natur og naturverdiar. Dette er ei glede for fleire av oss lokale miljøaktivistar. Sidan 2013 har Midtfjellet på Fitjar vore ein frustrasjon for naboar og folket samt øydelagt den lokale naturen og det rike dyrelivet. Ved bygging av vindmølleparken trong det også store vegar og maskinar. Denne typen menneskeleg inngrep gjorde at ein stor del av naturen på vert øydelagt. I tillegg til at dyre livet vart tvungen til å flytte seg frå sine naturlege habitat.

Les også
Høgre og vindkraft

I sju år har folk på Fitjar og Stord vist sin frustrasjon for vindparken i Midtfjellet gjennom lesarinnlegg og protestar. No er det ei stor glede å sjå at det endeleg vert gjennomslag. Motarbeidarane har år etter år komme med fleire argument mot utbygging av parken. Likevel har vindmølleparken blitt utvida gongar og øydelagt meir og meir av naturen.

Det er ei skam at det skal ta så lang tid for politikarane å høyra stemmene til folket. Sjølv om det har tatt fleire år for folkets stemmer å bli høyrt, er det ei glede at dei endeleg blir det. No har endeleg alle demonstrasjonane til lokal befolkninga og Stord-Fitjar turlag, og fleirfaldige lesarinnlegga gjort nytte for seg!

Vindmølleparken har ført til store skader på den rike naturen på Midtfjellet. Store delar av fjellet har blitt rasert og øydelagt for produksjon og utbygging. Etter produksjonen var ferdig har dyrelivet og naturen tatt svært stor skade. I fjella på Fitjar er det eit rikt dyreliv med blant anna kongeørn. Denne freda arten har tatt stor skade av vindmøller rundt i landet. På Smøla i Møre og Romstad åleine var det drepen 100 havørner og to kongeørner av vindturbinar mellom 2006 og 2019, ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA). I eit land som Noreg med slik rik natur og eit vidt dyreliv er det trist at så mykje av den må gå til spele for desse turbinane.

Ifølgje Norsk institutt for naturforsking, i 2019 var det registrert 500 vindmølle drepe fuglar nasjonalt, blant desse var det blant anna fleire typar ørn, falk samt andre havfuglar.

Les også
Lagar film på Midtfjellet for å visa vindkraft-motstand

Regjeringa har sagt at dei heller ynskjer å leggje vekt på vindkraft på hav. Dette er noko me i Sosialistisk Ungdom har hatt i vårt politiske program sidan 2012. Dersom ein tek omsyn til fiskefelt og andre faktorar til havs er dette noko me bør satse på for industrien på Stord og resten av Noreg.

I Noreg har me fagfolk og yrkesarbeidarar med offshorekompetanse i verdsklasse. På Eldøyane har me flinke og velutdanna arbeidarar med god kompetanse når det kjem til offshore teknologi. Dette kjem til vera svært nyttig dersom regjeringa og Stord kommune skal endre sitt fokus frå vindkraft på land til vindkraft på hav!

Som unge og miljøengasjerte er det ikkje like ofte me føler oss høyrde. Men med denne endringa hjelp det oss miljøaktivistar å fortsette å vera motiverte for å stå fram å beskytta miljøet og verdien me ser i den.

Karina Gullberg-Vinje (18), styremedlem i Stord Sosialistisk Ungdom