INDUSTRINABO: Jens Tore Engevik. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Er det betre med stillheit?

Eg flytta til Eldøy for 25 år sidan. Er ein av dei næraste naboane til Kværner og Eldøyane næringspark. Eg var heilt bevisst på at det låg industribedrifter utanfor døra mi då eg tok avgjersla om å byggja hus der eg gjorde.

Stilla var eg vant til då eg flytta frå Fjellgardane. Der er det berre sauer som lagar lyd og bønder som sprøyter skit på bakkane eit par gonger i året. Traktor hadde dei òg som bromma då dei trong å bruka han. Sjølvsagt blei det då litt god lukt nokre dagar, men stille ja. (utanom brekinga)

Les også
Eldøyane-naboar ikkje nøgde med støy-svar

Eg trivest veldig godt nede i Eldøyo, nærleik til sjø, skule og skogsturar. Aktivitet på verftsområdet, noko å sjå på. Ikkje mange i Noreg som får sjå så mykje spektaktulert frå terrassen. Løfteoperasjonar. Gamle oljeinstallasjonar som vert sprengt i bakken, gedigne båtar som kjem og går og ikkje minst eit fantastisk lysshow. Kva om det blir stille på Eldøyane. Kan me bu der? Er det jobbar nok slik at me kan jobba og få løn til å betala heimane våre?

Viss ikkje Kværner og bedriftene som det er snakk om har vilkår til å konkurrera om jobbane som blir lyst ut, er det heller ikkje arbeid til oss som lever på øya. For det er det som skjer viss me ikkje legg til rette for deira arbeid. Ikkje farleg for pensjonistane som har jobba heile livet på Kværner og som no vil ha ro. Men barn og barnebarn må flytta til andre industristader, for på Stord der er det ingenting.

SÅRT: Støy frå industriområdet på Eldøyane har skapt debatt. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Dei tapar jobbar og då er vegen kort til nedlegging. Ja, eg er einig om at dei ikkje skal få tura fram og alt er fritt. Støy og anna forureining skal avgrensast, men eg trur og meiner ingenting godt kjem ut av at det er to motpolar som skriv i avisa og berre forlangar.

Eg har jobba 20 år som takstmann på eigedom, kva skal eg skriva om i taksten på dei eigedomane som ligg i «støysona» til Eldøyane og Kværner. («Det er ikkje tvil om at det er sjenerande og helsefarleg støy frå bedriftene rundt Eldøyane, og dermed er verdien på eigedomen din ingenting verdt?») Nei, me må slutta å snakka ned verdiane på eigedomane våre og heller koma med konstruktive idear til korleis ting kan bli betre. Mitt forslag er at det vert oppretta ei høyringsgruppe med involverte partar og tredjepart. Denne gruppa bør bedriftene trykka til sitt bryst og bruka som ein arbeidsreiskap. Synest òg denne arbeidsgruppa også skulle stått for regelmessige nabomøte.

Jens Tore Engevik, Hybelsneset 19

Innlegget vart først publisert på Engevik si Facebook-side, og er gjengjeve her i samråd med artikkelforfattaren.

Les også
Støy om støy