«Er det no dei små skal bli store, etter at veljarane har forstått alvoret og med tyngde har sett klimasaka i hovudsetet?» spør Dag Sele i Partiet Sentrum. Foto: Per Lønning

Er det dei små, grøne sin tur?

Kan alvoret i klimatrusselen vera starten på at dei store partia ikkje lenger er dei store?

Det er vel for dei fleste knapt noko nyhende at me i dag står stadig lengre ute i ei global klimakrise. Den nye rapporten til FN sitt klimapanel er vel i så måte først og fremst ei stadfesting på dette faktum, på kor alvorleg det er og kor lite tid me har på oss til å gjera noko med det. I tillegg har me den seinare tid fått overraskande klare signal frå svært kompetente petroleumsmiljø om at olje- og gass-æraen går svært raskt mot slutten. Inntrykket er no også at folkemeininga tek desse utfordringane på stadig større alvor, ikkje minst dei litt yngre.

Men ikkje dei store politiske partia.

Det store paradokset er at dei store partia i klimaspørsmålet truleg er på kollisjonskurs med ein stor del av folket. Ap, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet kappast nærast om å forsikra oss om at dei ikkje ser nokon grunn til å gjera endringar i olje- og gass-politikken, sjølv med denne kunnskapen skriven med store bokstavar på veggen. Det vil uansett bli drive petroleumsverksemd på norsk sokkel i mange år enno, men i den leiren er det ikkje ein gong aktuelt å stoppa vidare leiting etter meir olje.

Les også
Ein av fire trekkjer fram klimasaka som den viktigaste i valkampen

Eg har tru på at dei mange veljarane som har fått augene opp for denne klimatrusselen etter kvart prioriterer denne saka så høgt at dei vil vegra seg for å støtta dei store partia. Kan dette kanskje vera starten på at dei store partia på sikt ikkje lenger er dei store?

Det er nemleg mykje som tyder på at det er dei noverande små, grøne partia som må gå i bresjen for å få til den nødvendige endringa. Slike parti finn ein både på høgre og venstre side i politikken. Og for dei som ønskjer politiske løysingar i sentrum, finnest no også partiet Sentrum, som set menneske og bærekraft først.

Dette blir eit spennande stortingsval. Er det no dei små skal bli store, etter at veljarane har forstått alvoret og med tyngde har sett klimasaka i hovudsetet?

Dag Sele, førstekandidat for Partiet Sentrum i Hordaland