KULTURDEBATT: Når sparekniven og budsjettkutt kjem fram er det lett å oversjå dei med minst underhaldningsverdi, sjølv om deira kulturelle bidrag ofte er vel så viktig, skriv Stein Stendahl i lesarbrevet. Foto: Ingvild Eide

Er kultur eit område på vikande front i norske kommunar?

På 70-talet vart «det utvida kulturomgrepet» lansert. Då vart mange fritidsaktivitetar definert inn i kultursektoren. (Ordet kultur kjem frå latin og betyr «dyrka, pleia.»)

Idrett, speidarrørsla, rock og handverk, ungdomsarbeid og frivillig innsats av mange slag fekk plass under omgrepet kultur saman med dei tradisjonelle skapande kunstformene. Alle former for aktivitet som var med å skapa identitet for ein gruppe, ei bygd eller ein kommune, på tvers av ulike nasjonale kulturelle og etniske grupper, vart no likestilt og skulle handsamast på like vilkår i det offentlege. Dette førte til ei oppbløming av frivillige lag og organisasjonar som no kunne få økonomisk støtte til drift.

Kva skapar identitet?

Etter kvart har me sett at nokre av desse greinene vaks seg store og sterke og vart dominerande i biletet, som til dømes nokre idrettsaktivitetar. Desse fekk etter kvart behov for utbygging av dyre anlegg som kommunane laut finansiera saman med spelemidlar. Alle ser kor mykje idretten betyr for ungdomsarbeidet. Det var aldri tvil om at dette var vel anvende pengar på born og unge. I vår kommune kan me berre sjå på den populære handballfestivalen som eit døme. Mange andre aktivitetar har og vakse og sysselset mange i frivillig arbeid til gagn og glede for mange, og til identitetsskaping for kommunane. Eit døme på dette er Falturiltuveka som er med og set Stord på kartet. Mange andre aktivitetar kunne og vore nemnt. Sams for alle er at dei skapar møteplassar der born, ungdom, vaksne og eldre kan møtast og skapa noko, opparbeida identitet og fellesskap, og gjera samhaldet rikare kvar på sin måte. Dette er viktig for kommunane sin identitet. Om frivillig innsats vert svekkja vil samhaldet verta fattigare og kommunane fargelause. Kulturen er limet i samhaldet, og eit positivt omdømme som stemmer med identiteten sikrar sosial berekraft

Men korleis er stoda no?

Nokre samfunnsvitarar tykkjer å sjå ei endring i politikarane si haldning til kulturomgrepet. Omgrepet er i ferd med å vatnast ut. Kultur vert ofte oppfatta som underhaldning. Idrett underheld, musikk, teater og dans underheld. Desse vert ofte forfordelt når tilskot skal delast ut, medan dei med noko mindre underhaldningsverdi vert taparar. Det same ser me gjer seg gjeldande når lag og organisasjonar leitar etter sponsorar. I desse tider er og kommuneøkonomien under sterkt press. Når sparekniven og budsjettkutt kjem fram er det lett å oversjå dei med minst underhaldningsverdi, sjølv om deira kulturelle bidrag ofte er vel så viktig. Dette var absolutt ikkje meininga med «det utvida kulturomgrepet» som vart vedteke av framsynte politikarar for lenge sidan. Er me no ved inngangen til 2020 i ferd med å sjå på ein del av kulturen som mindre viktig enn for 30 år sidan?

Kor står kystkulturen i dette biletet?

Stord kommune, ja, heile Sunnhordland, har vore og er endå avhengig av kysten og havet og dei verksemdene som går føre seg her. Det heiter frå gammalt at: «du må kjenna fortida for å kunna forstå framtida». Difor er det eit viktig kulturarbeid å ta vare på kystkulturen. Det gjer me ved å samla soger om verksemder, om arbeidsmetodar, vidareføra aktivitetar som held på å døy ut, samla utstyr, verktøy, motorar og maskinar frå før i tida, slik at etterslektene kan sjå korleis utviklinga fram til no har gått føre seg. Det er dette som har skapt kulturen, og kultur skapar identitet. Vår identitet. Det er dette me held på med i Stord Maritime Museum. De er hjarteleg velkommen til å sjå kva me har samla og kva me har planar om å få til.

Stein Stendahl