UNION: – Er det vanskeleg i dag å sjå at når det handlar om ressursar, er det vi som er i styrkeposisjon? Vi har å selja det alle manglar og alle vil eller må ha, skriv Anders M. Andersen. Illustrasjonsfoto: Colourbox

«Er vi mogne for EU?»

Slik er det spurt. Er vi mogne for EU-medlemskap. Det spørsmålet må vi sjå nærare på. Altså; er vi mogne for unionen? Union eller ikkje er spørsmål om retten vår som folk; retten til sjølve landet og retten vår til å styra landet og oss sjølv.

Landet er større enn landområdet. Havområda er mange gonger større og inneheld uendelege ressursar. Vi har eineretten til desse enorme ressursane, i fyrste rekke fisk, olje og gass. Korn og mest alt anna manglar vi. Er vi mogne for å gjera havområda våre til EU-hav? Då får EU-landa rett til å fiska fritt i dette EU-havet inn langs kysten og opp i fjæresteinane. Det vil dei gjera etter å ha fiska eige havområde bortimot tomt for fisk. Er vi mogne til for alltid å gje frå oss desse områda og ressursane?

Er vi mogne for å gje frå oss krona for euro? Det er meir enn å skifta betalingsmiddel. I pengeunionen styrer vi ikkje renta og kan ikkje forandra pengekursen. Etter finanskrisa i 2009 såg det stygt ut for norsk eksport. Då kunne vi skriva ned krona og redusera eksportprisen med 20 prosent. Eksportindustri og fiskeeksport unngjekk krisa; gjekk glimrande og går stadig glimrande etter handelsavtalen vår frå 1973 som gjeld anten vi er med i EØS eller ikkje.

Men har vi retten til å styra oss sjølv? Solbergregjeringa gav frå oss styringa av den elektriske straumen, på overtid utan å ha stortingsfleirtal for det. Energiavtalen er folkerettsleg avtale Noreg kan seia opp kva tid som helst når berre ei norsk regjering vil dette eller blir nøydd til det. På same måten kan vi krevja forandringar i EØS-avtalen eller seia han opp. Dette avgjer vi sjølv.

Når dette blir nemnt, blir det straks påstått at då vil EU straffa oss. Kva skulle dei straffa oss med. Er det vanskeleg i dag å sjå at når det handlar om ressursar, er det vi som er i styrkeposisjon? Vi har å selja det alle manglar og alle vil eller må ha. Det er utenkeleg at EU skulle nekta medlemslanda å kjøpa fisk og gass frå oss? Avtalane gjeld slik våre styresmakter vil ha dei og så lenge folket vil ha dei. Då er spørsmålet om regjeringa vil styra.

Anders M. Andersen, Nedstrand