Etiopia: Gunnar Nysæter utanfor hovudinngangen på Black Lion Hospital, største og eldste universitetssjukehuset i Etiopia. Den pensjonerte legen frå Stord har vore i Etiopia 1-2 gonger i året dei siste 10 åra, og mange gonger før det. Foto: Privat

Etiopia i rask endring

Etiopia får i desse dagar stor merksemd i samband med at statsminister Abiy Ahmed Ali får Nobels fredspris.

Mange av den eldre garde vil lett assosiera landet med gammalt keisardømme, seinare kommuniststyre, forfølgingar og «raud terror», langvarig krig med Eritrea og Somalia, sjukdom og store hungerkatastrofar, stor fattigdom og svært dårleg helsestell.

For vel 30 år sidan kom eg for første gong til landet. Eg skulle i nokre veker undervisa ved eit regionssjukehus langt i sør. Det vart ei sterk oppleving. Situasjonen var prega av krigen som rasa i nord. I tillegg vart landet herja av ein svær epidemi med hjernehinnebetennelse. Meir enn 10.000 døydde av denne epidemien. Sjukehuset som eg var på hadde 3-4 nyutdanna uerfarne etiopiske legar. Det var norske misjonslegar og norske og danske sjukepleiarar som leia arbeidet ved sjukehuset. Det var ikkje plass til alle pasientane inne. Ein del sov på gangvegane mellom sjukehusbygningane.

Det var lite bilar. Og mange av bilane var i svært dårleg stand. Vegane var stort sett elendige, eit paradis for eventyrlystne sjåførar. Mange viktige hovudvegar var berre grusveg. Somme stader mangla det bru over breie elvar. Så det kunne vera meir spanande enn ein lika når ein skulle passera. Telekommunikasjonen var svært dårleg. Telefon til utlandet var berre mogeleg frå nokre få større byar.

Her vert stein i gallegangen fjerna. Etiopisk lege og sjukepleiar arbeider under tilsyn og hjelp frå overlege Folvik og spesialsjukepleiar Hitland. Utstyret kjem frå Haukeland. Foto: Privat

Forsyningssituasjonen i landet var også ekstremt dårleg på denne tida. Det var mangel på så og seia alt.

Dei følgjande åra har eg hatt mange opphald i landet, med arbeid på i alt fem sjukehus, tre av dei i hovudstaden Addis Abeba.

I denne tida har eg blitt vitne til store endringar.

Ute på landsbygda er nok mykje som før. Men det har skjedd ei utruleg forandring over alt.

Praktisk talt alle born får skulegang. Mange av dei får høgare utdanning. Ei stor mengd høgskular og universitet er oppretta. For 20 år sidan vart det årleg uteksaminert ca. 120 nye legar. No er det legeutdanning på 33 sjukehus, og der er til saman ca. 20.000 legestudentar. Det er ei stor utfordring å skaffa kompetente lærarar til desse. Opplysning og stor satsing på helsetenester har gjeve betre folkehelse, og sterk reduksjon av fødselsrate. Dette siste er svært viktig ettersom Etiopia med sine 110 millionar innbyggjarar er Afrikas nest folkerikaste stat, og det set store krav til mellom anna matproduksjon og arbeidsplassar.

Kommunikasjonen er totalt forandra. Svært mange har mobiltelefon, og brukar han flittig. Internett er som regel tilgjengeleg i byane. Hovudvegane er rusta opp, eller nye er bygde. Frå hovudstaden til neste regionshovudstad i sør er der ny 6-felts motorveg med topp standard. Rundt hovudstaden er der 4-felts motorveg. Frå Addis Abeba er det bygd ny jernbane til hamnebyen i Djibouti. I byane, og særleg i Addis Abeba, er det stor byggjeaktivitet. Ein ser nye bygg under konstruksjon same kva retning ein vender seg. Småhus vert rivne. Nytt bygg for den etiopiske sentralbanken er under arbeid og er no kommen opp i si fulle høgde på 48 etasjar, høgaste bygningen i byen så langt. Addis Abeba har no eit folketal på 5-6 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan 2010 har eg vore mykje engasjert i å utdanna spesialistar i mage- og tarmsjukdommar i Etiopia. Landet hadde då 10 slike spesialistar, og utdanning av nye hadde det ikkje vore dei siste 30 åra.

Eksamensfest for nye spesialistar og sjukepleiarar. To sjukepleiarar og to av legane er frå Haukeland, og tre legar frå Universitetet i Toronto. Foto: Privat

På arbeidsplassen min, Haukeland universitetssjukehus, viste medarbeidarane mine stor interesse for å vera med på dette. Til saman har no tre professorar, fem overlegar og fem spesialsjukepleiarar frå gastro-seksjonen ved medisinsk avdeling på Haukeland vore med til Universitetet i Addis Abeba og undervist praktisk og teoretisk. Dette har ført fram til eksamen slik at der no er tolv nye spesialistar i mage-tarm-sjukdommar. Vi hadde ikkje oppnådd dette utan stor velvilje og støtte frå Helse Bergen og Avdeling for Internasjonalt samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus. Mykje brukt men godt utstyr har vi fått sendt til Addis Abeba, noko som var heilt naudsynt for å læra opp folk i moderne undersøking og behandling. Det er også verdt å merkja seg at Stord sjukehus har gitt viktige bidrag på same måte tidlegare. Hjelp på denne måten viser seg å ha stor verdi. Det skapar optimisme blant dei unge etiopiske legane og sjukepleiarane, så dei får tru på at dei har ei framtid i sitt eige land. Såleis er det ingen av dei vi har utdanna som har reist frå landet. Det er også svært lærerikt for norsk helsepersonell å få erfaring med medisinske problem i tropane.

Etiopia er stort og komplisert, og har alltid store utfordringar. Med store etniske motsetningar, om lag 80 ulike språk, og avlingssvikt i enkelte deler av landet, er det krevjande å styra. Vi får vona at fredsprisen vil verka positivt for landet. For fred, ikkje berre med Eritrea, men kanskje mest indre fred i landet, trengst sårt.

Gunnar Nysæter, Stord

Pensjonist, spesialist indremedisin og fordøyelsessjukdommar, tidlegare overlege ved Haukeland universitetssjukehus og Stord sjukehus