Bjørn Øystein Waage vil ha striper over vegen i området ved Shell-stasjonen, midt i biletet. Arkivfoto: Marius Knutsen

Få på plass sebrastriper

På Heiane vest frå Uno og over til Shell, og frå tømmeplassen for bubolar og over til Alhsell er det overgangar, men ikkje sebrastriper i vegen.

No når det er blitt så mykje trafikk på grunn av utbygginga, er det på tide å gjera dette til synlege overgangar. Det er jo stoppeplikt for bilar i dag også sidan det er gang- og sykkelveg, men berre eit fåtal stoppar.

Gjer noko før det skjer noko alvorleg her.

Bjørn Øystein Waage