BERRE PRØV: Lesarbrevforfattaren lurer på kor mange som ville ha føretrekt ferje, om det var einaste mogelegheit for å komma seg mellom Bergen og Voss. Foto: Marius Knutsen

Farlege vegar, ferjereiser og samrøre

I samband med innspel til NTP frå nye Vestland fylke, har særinteresser, knallraud/raudgrøne politikarar og aksjonistar funne kvarandre i eit fargerikt felleskap med det formål å sabotere Hordfastprosjektet. I denne felleskapen ligg inne kampen for ny E16 Bergen-Voss, kamp for ein rask veg til fritidseigedomar for bergensarar, omkamp til fordel for indre trasé av Hordfast, kamp for Hordalandsdiagonalen, motstand mot bru over Bjørnefjorden, generell motstand mot motorvegar og vegar i det heile, og motstand mot samfunnsutvikling.

Denne samrøra har fått utvikle seg over tid og begrepa «Norges farligste vei» og «Dødsveien» har dukka opp og er satt opp mot begrepet «Monsterbrua». Noko av grunnlaget for dette er at omlag femti personar i ein NAF-aksjon langs Vossavegen har stemt for at dette var landet farligaste veg (BT 17.08.2019). Dette og «Dødsveien» passar godt i store overskrifter i pressa samtidig som ein framhevar fare for ras. Fakta er at ingen av dødsulykkene på Vossavegen har komme pga ras, men av møteulykker og utforkjøringer o.l, etter at nyevegen kom, og som har omlag lik standard som E39 over Stord. Etter at vegen blei utbetra i 2011 med romlefelt (for å halde sjåførar vaken) og nedsatt fart og forbikjøringsfelt, har ulykkene gått ned. Også E39 over Stord er svært ulykkesbelasta, og ein kan derfor være samd om at det er to vegar som bør utbetrast og fornyast.

Men i aksjonen med å setja dei to vegprosjekta opp mot kvarandre, har ein gløymt/ sett bort frå at over Bjørnefjorden går det ferjer, som i realiteten kan samanliknast med kolonnekjøring, og er til stor plunder og heft for folk og næringsliv som er avhengig av denne reisemåten. Folk på ein fritidsreise over fjorden kan kanskje oppleve dette som eit cruise på fjorden med fin utsikt og inntak av svele. Kva er det «de der nede i Sunnhordland» bråker for? Men har ein tenkt over kvifor ein på kvar overfart får eit «mas» på høgttalaren ombord om sikkerhet og naudprosedyrar.

Har ein tenkt over kva feks. ein brann på bildekket på ei fullasta ferje med bilar og folk, kan medføre? Det er derfor i dag ikkje noko objektivt grunnlag for å seie at den eine vegen er farligare enn den andre, sjølv om 50 personer i ein NAF-aksjon meiner så. Ingen har rekna på det. Hadde aksjonen vore på Stord, hadde ein nok fått eit anna resultat. Heldigvis har ein på dei to vegstrekningane ikkje hatt store ferjeulykker eller ras som har tatt liv.

Eg forstår godt at trafikanter er uroa for ras, men samtidig må ein også forstå folk og næringsliv som har lang reisetid på vegar og ferjer, som også har stor risiko. Det kan ikkje være slik at tap av liv i ras er verre enn i ei ferjeulykke eller at dødsulykkene langs E39 på Stord ikkje skal være med i rekneskapen.

For at dei som er mest uroa for ras også skal forstå litt av ulempene med ferjereiser, kan ein tenkje seg fylgjande eksempel.:

På grunn fare for ras på strekninga Trengereid - Stanghelle, bygger ein ferjekaier og set inn ferjer på denne strekninga. Dette ville fortsatt være ei ferjereise som er litt kortare enn over Bjørnefjorden. Så kan ein så spørje kor mange som ville stå i ferjekø med ventetid og uvisse om kva tid ferja gjekk, betale ferjebilett, bruke nærmare ein time ekstra på ei slik reise for å nyta fjordutsiken og inntak av svele ? Kor mange ville fortsatt heller føretrekt landevegen?

Det burde være unødvendig å bruke slike eksempel, men ut i frå den mangel på forståing av kva saka handler om, og som har synt seg i presse og kommentarar i sosiale media, synes slike eksempel å være nødvendige. Om det går inn er ei anna sak, men ein får då i det minste håpe at fylkestinget i Vestland forstår at saka også dreier seg om livsgrunnlaget for Sunnhordland. Me i Sunnhordland ynskjer at det skal bli mulig både å få til ny veg Bergen-Voss og Stord -Os. Å setja disse prosjekta opp mot kvarandre vil være øydeleggjande for framtida til Vestland og næringsutvikling på Vestlandet og spesielt Sunnhordland.

Jan Helge Nesse