Olav Myhr i Vestland Bondelag. Foto: Siv-Merethe Myhr

Fellingsprosenten må opp – hjorten må skytast der den er

Skal ein få ein varig reduksjon av hjortebestanden må avskytinga av unge dyr og koller aukast monaleg dei kommande 2-3 åra. Kvotefri avskyting av hjortekalv er eitt av mange tiltak som må til. Eitt år med auka avskyting vil ikkje vera tilstrekkeleg. Grunneigarane må også bli flinkare til å samarbeida, slik at hjorten kan bli skoten der hjorten er!

Vi må verta rausare til å vera opne for å hjelpast åt på tvers i den store jobben det er å fylla kvotane i alle vald! I tillegg må vi opna opp jakta for nye generasjonar, slik at vi sikrar rekrutteringa til fleire jegerar. Dette er eit ansvar som kviler på oss som grunneigarar, men også interesseorganisasjonane og kommunane.

Hjorten må ha mat både vinter og sommar, og den tek for seg av graset på dyrka mark. Mange bønder opplever at avlinga er redusert og kvaliteten er sterkt forringa grunna at hjorten beitar av toppane og skit i enga. Særleg vert dei dyktige bøndene som snur jorda ofte råka. Hjorten finn raskt ut kvar den beste maten er. Interessemotsetningane kan vere store i dei ulike bygdelaga. Nokre grunneigarar ynskjer meir hjort, anten for å ha fleire dyr å jakte på eller for å sikra at leigejegerane får skyta dyra dei har betalt for. Andre grunneigarar i same bygda driv aktivt landbruk, og har som mål å dyrka mest mogleg grovfôr av høg kvalitet på innmarka. Andre ynskjer å produsera tømmer av god kvalitet. Noko som også er vanskeleg når hjortebestanden er for stor. Den altfor høge hjortebestanden medfører i sum eit uakseptabelt høgt økonomisk tap for grunneigarar som driv som aktive bønder.

Det einaste realistiske tiltaket er å redusera hjortebestanden vesentleg! DÅ HAR VI EIN STOR JOBB Å GJERA. Det gjer seg ikkje sjølv å fella kring 30.000 hjort i Vestland dei kommande fire månadene.

Det er ein krevjande og stor jobb, men også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar. Å forvalta det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt. Samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange. Til sist vil eg ynskja alle ei god sikker jakt.

Olav Myhr, styremedlem i Vestland Bondelag