«PRIVAT»: Dette skiltet har fått fleire turgåarar til å reagera.

Ferdsel til fots og skilt

Dei siste vekene har det komme fleire innspel til Sunnhordland og til Stord kommune om skilt der ein forbyr folk til fots. I Norge har friluftslivet hatt eit sterkt vern gjennom friluftsloven. Loven seier mellom anna at du kan gå på tur på vegar og stiar så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og gardstun.

Miljøverndirektoratet har prøvd å svara ut kva som er «god avstand», og har enda på ei skisse der ein reknar eit mål rundt eit hus som den private sonen. Når det gjeld veg så kan ein ikkje følgja vegen gjennom eit privat tun, men ein skriv at om det er sett opp eit gjerde mellom vegen og tunet, så sluttar den private sonen ved gjerdet.

Loven skil mellom innmark og utmark. I sistnemde har du til dømes lov å telta utan å spørja grunneigar om lov. Når det gjeld strandsona, så gjeld retten til å ta seg fram der. Ein har lov å gå over private brygger for å komma fram til utmark. Men ein kan ikkje slå seg ned på brygga med handkleet. Fitjar kommune slo i eit ferskt vedtak fast at ei bryggje ikkje kunne merkast med privat-skilt.

Sunnhordland skreiv torsdag om at turgårar reagerer på at det ved Brunstad Kristelige Menighet sitt senter i Rutle er sett opp skilt som forbyr ferdsel. Dette er inngangsporten til eit mykje brukt turområde. I reguleringsplanen kjem det fram at ein var merksam på ein mogleg konflikt med friluftsloven allereie før anlegget blei bygd, men at ein då slo fast at det ville vera høve til å passera til fots.

Her er det snakk om eit forsamlingshus og ikkje ein heim. Det er også vegar, og det er vassdrag. Me reknar med at skiltet skuldast ei misforståing, og blir fjerna.

Les også
Dette seier styreleiaren om privat-skiltet
Les også
Dette får turgåarar til å reagera: – Ein sperrar av eit mykje brukt turnett
Les også
Kan ikkje merkast «privat»