«At Jonas Gahr Støre og ymse Ap-toppar tør – å koma til kysten med slikt gjennomsiktig valflesk som no – det kan ikkje vi ta roleg», skriv stortingsrepresentantar frå Høgre. Arkivfoto: Anita Haugland

Ferjebillettøren Støre

Fram og tilbake over fjorden er like langt. Nett slik Ap sitt ønskje om å gje med eine handa og ta med den andre, blir like dyrt for den enkelte.

«Om da er fæla styggevær og folket ikkje tør, så seie Peder’n, ta da roleg, eg er ferjebillettør», syng gruppa Vinskvetten i ein av sine mest kjende songar. Men at Jonas Gahr Støre og ymse Ap-toppar tør – å koma til kysten med slikt gjennomsiktig valflesk som no – det kan ikkje vi ta roleg.

Siste krumspring frå Støres parti er eit løfte om å halvere prisane på utvalde ferjer – berre dei vinn valet. Eit løfte Ap-folk har fronta i lokalaviser langs kysten frå Troms i nord til Rogaland i sør, samt på sjølvaste Dagsrevyen. Men det er to vesentlege faktorar Ap utelet i forsøket på å gjere seg lekker for veljarane.

For det første sit Ap med makta på fylkestinget både i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Med eit pennestrøk kan dei velje å redusere ferjeprisane, som er eit fylkeskommunalt ansvar. Det er ingen som hindrar dei. Det er eit spørsmål om prioritering og vilje.

For det andre brukar Ap pengar dei ikkje har. Dei seier dei vil bruke 1,5 milliardar på å redusere ferjeprisane. Så langt alt bra, hadde det ikkje vore for at dette løftet kjem på toppen av tidlegare løfter verdt minst 26 milliardar. Dermed stig den samla prislappen på Aps løfter frå 26 til 27,5 milliardar. Minst.

Samstundes seier Ap at dei «berre» skal auke skattane med sju milliardar. Det seier seg sjølv at det ikkje går opp. Med mindre det er mogleg å bruke dei same pengane fire gonger, må Ap anten droppe valløfter i fleng eller auke skattane og avgiftene betydeleg meir enn dei seier dei skal. Og då snakkar vi om skattar og avgifter for folk flest, ikkje berre for dei Ap likar å stemple som «dei rikaste». I så fall går Aps modell i praksis ut på la deg sleppe litt rimelegare frå ferjeturen, berre for å ta inn att dei pengane du sparar, over skattesetelen. Eit gamalt politikartriks.

Les også
Ap vil kutta ferjeprisen

Høgre er opptatt av å være ærlege. Vi har respekt for folks skattepengar, og ønskjer å få mest mogleg ut av dei. Vi trur på å finne nye og smartare måtar å løyse oppgåver på. Jernbanereforma og Nye Veier er to satsingar som til no har spart staten for fleire titals milliardar – utan å føre til dårlegare kvalitiet. Slik frigjer vi midlar til nye satsingar innan jobbskaping, skule, helse, samferdsel og beredskap. Våre fem viktigaste saker.

Ap på si side seier nei til alt av reformar og ja til alle nye tiltak. Det går ikkje i hop. I songen om ferjebillettøren heiter det «Ingen kalkulator med elektrisk batteri, her skal da reknast skapeleg, då lyt ein ta seg tid». Arbeidarpartiet kan umogleg ha kalkulator med batteri, ikkje har dei rekna skapeleg og ikkje har dei tatt seg tid. Dette vart for billig.

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant Hordaland (H)

Ove Trellevik, stortingsrepresentant Hordaland (H)

Artikkelen held fram under annonsen.

Olve Grotle, stortingskandidat Sogn og Fjordane (H)

Frida Melvær, stortingsrepresentant Sogn og Fjordane (H)