Ferjeprisar; halvering eller heilt bort?

Ap og Frp i løpet av kort tid kome med lovnader om kutt i ferjeprisane. Medan Ap har den sindige inngangen til det, med innføring over fire år og ei innretning som ikkje er heilt klar, hiv Listhaug og Frp seg på med at det skal skje NO, med-koronapengar, og det skal gjelde heile kostnaden.KrF er glade for engasjementet for lågare ferjeprisar, og viljen til å sjå ferja som ein del av vegen.

Fylkesvegferjene er fylka sitt ansvar. Og trass store ekstrautgifter med ny ferjeflåte og elektrifisering av ferjeflåten i gamle Hordaland, så har ikkje Vestland fylket sett opp ferjeprisane. Men vi har heller ikkje sett han ned. Då koronaen kom, sette staten ned prisen på riksvegferjene med 20%, + halvering av MVA (6%), for å gje næringslivet ei handsrekning.

Les også
Ap vil kutta ferjeprisen

Fylket vart først med på MVA-halveringa. Men pga store ekstrakostnader på offentleg transport og usikkerheit om kva staten ville kompensere for med korona-løyvingar, tok vi vekk det tiltaket. Vi innførte heller ikkje 20% kutt i ferjeprisane, og for å halde ferjeprisen om lag som før, endra vi takstsone på sambanda.

FERJEPRIS: Autopass er ei ordning som treff pendlarar og næringsdrivane svært dårleg, skriv Trude Brosvik. Foto: Geir Jørgen Bekkevold

Men det som merkast mest som prisauke var at ein, også det som eit korona-tiltak, innførte Autopass-ordninga også for Sogn og Fjordane (Hordaland hadde innført ho i samband med siste anbuda). Det gjorde at prisen vart langt høgre for den som køyrde bil (åleine i bil), medan det vart gratis for passasjerar.

Les også
Frp går for gratis ferjereiser

Det er ei ordning som treff pendlarar og næringsdrivane svært dårleg. For å bruke eit bilete for den ferjestrekka eg ser frå stoveglaset; Sulingane som har ærend i Førde må ta bilen med seg. Det står svært sjeldan ein buss og ventar på kaia. Og skal dei ha fagfolk frå fastlandet på besøk, så må dei ha bilen med seg over. Busstilbodet internt i Solund er «labert». Men Autopass-omlegginga er derimot super for hyttefolket som reiser i helgane og som har bilen full! Flott for dei, men neppe den fordelingseffekten ein hadde tenkt.

Fylket har ikkje flust med pengar, og også i år er vi usikre på kva kompensasjon ein får for korona-tomme bussar. Likevel har vi i budsjettet for 2021 auka tilskotet til kollektiv (bussar) med 6 mill for at enkeltbilletten i gamle Hordaland ikkje skulle auke. KrF meiner det no er tida for dei som er avhengige av ferjer! Det ligg ei sak til behandling (utsett i fylkesutvalet 26.11.20) om ferjeprisar. Den vil KrF ha opp att til ny behandling i samband med tertialrapporten. (Dei som går inn på streeming av møta der ferjeprisar har vore diskutert, veit at KrF har hatt eit engasjement i denne saka, og leita etter løysingar.) Konkret vil vi foreslå at fylket tar same kutt som staten har gjort på riksvegane; 20%. Sjølvsagt håpar vi Stortinget løyser dette, ved å gje fylkesferjene same vilkår som staten sine eigne ferjer. Men viss ingen følgjer vallovnadane sine, kan vi la det vere eit koronatiltak slik staten gjer. Om ferjeprisane blir halvert etter valet, får vi kutte 30% til. Det bør vel vere større sjansar for å få til noko no når fleire parti har ferjeprisane som toppsak inn mot valet.

Trude Brosvik, fylkestingsgruppa til KrF

Les også
Fint valflesk