Atle Tranøy (biletet) slår ei breiside mot verftssjef Hugo Strand hos Fitjar Mek. Arkivfoto

Fitjar Mekaniske og tapet av kontrakt

Leiar i Stortinget sin næringskomite Geir Pollestad og administrerande direktør Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) har mi fulle støtte i kritikken mot Havforskingsinstituttet (HI) som tildelte bygging av nytt forskingsskip til Holland. Skipet var framskunda som del av Stortinget si koronakrisepakke, der premissane var at bygginga skulle bidra i ein vanskelig situasjon for norske skipsverft. Tildelinga er ei skandale, men det er også regjeringa si manglande oppfylging av premissane bak stortingsvedtaket. Regjeringa kunne fylgd opp med krav og verkemidlar for å sikra kontrakten til norsk verft. Kva muligheiter Stortinget har for å omgjera tildelinga står att og sjå, men her burde definitivt regelen om betre føre var enn etter snar vore fylgd.

Les også
Koronamillionar hamnar hos utanlandsk verft: – Nedslåande

Det gjeld også for Hugo Strand. Hadde han i god tid før kontraktstildeling kontakta oss i Fellesforbundet kunne me i fellesskap arbeida mot myndigheiter og HI for å sikra at kontrakten gjekk rett veg. Er dei gode erfaringar frå samarbeidet før Kystverket sine tildelingar som gjekk til FMV gløymt? I staden lar Strand i sin vrede gå ut over FF og LO av di me tek ansvar for å sikra utanlandsk arbeidskraft anstendige løns- og arbeidsvilkår, som ifylgje Strand er årsaka til tapet av både kontrakten og problema i norsk skipsbyggingsindustri. I og for seg kjente tonar frå Strand, men ikkje rettare av den grunn. Hadde Strand fylgd med i timen ville han visst at det omfattande engasjementet frå FF og LO har hatt avgjerande innverknad for at krisepakken kom på plass, inklusive at premissane som vart lagt inn skulle sikra aktivitet i Norge.

FMV er medlem i Norske Skipsverft. Eg har merka meg administrerande direktør Asle Strønen sine utsegn til avisa Klassekampen 3. mars der han reagerer på at kun pris og kvalitet blei vektlagt, og at om berre pris skal avgjera vil kanskje norske verft aldri få oppdrag. «Vi skulle ønske at helse, miljø og sikkerhet ble sterkere vektlagt ved denne bestillingen». Og vidare «Det velferdssamfunnet vi har bygd opp koster penger, og vi er stolte av å følge tariffer og kravene til helse, miljø og sikkerhet» (mi utheving). Hugo Strand er styreleiar i organisasjonen. Er han usamd med Strønen?

Les også
Norsk forskingsskip skal byggjast for koronapengar – i Nederland

Norske verft blir ikkje betre av å bruka lønsdumping av utanlandsk arbeidskraft som strategi. Snarare undergrev det grunnlaget for vår framtidige konkurransekraft, nemleg dyktige sjølvstyrte norske fagarbeidarar som i tett interaksjon med plan- og ingeniørkompetanse syt for effektive organisasjonar og arbeidsprosessar. Og kombinerer ein dette med innfasing av ny teknologi som digitalisering og automatisering, som er langt enklare i Norge enn andre land grunna vår samarbeidskultur og låge hierarki, vil dette sikra vår konkurransekraft. Godt partssamarbeid er eit premiss for dette. Det er krevjande å lukkast med når innstillinga til fagrørsla som samarbeidspart er slik Strand legg for dagen.

Slikt samarbeid fekk på plass krisepakkar for leverandørindustrien, som allereie har og framover vil sikra tusenvis av arbeidsplassar, og det er slik me best sikrar norsk industriutvikling framover. Ikkje med lettvinte løysingar for utnytting av utanlandsk arbeidskraft. Den vil me i periodar framleis avhenga av, men til anstendige og norske løns- og arbeidsvilkår.

Til slutt: FMV sitt tapte anbod var på ca 140 millionar kroner, 22 mill dyrare enn det hollandske. Meiner Strand på ramme alvor at denne skilnaden kunne la seg utlikna ved å skvisa ned betaling og vilkår for FMV si tilreisande utanlandske arbeidskraft?

Atle Tranøy, leiar Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland