KUNSTDEBATT: «Det vil vera barnsleg av mølleeigar å demonstrera si rigide regelmakt ved å måla over kunstverket», skriv Olav Bjørkum. Foto: Ingvild Siglen Berger / arkiv

Flygande fivreld i Fitjar

Vindmøllene på Fitjarfjellet gjer meg trist kvar gong eg går tur i området. Det er mangt som talar mot denne forma for energiproduksjon, og eg sluttar meg til dei fleste argumenta. I tillegg kjem ein lokal kunstnar og smørjer nokre fargeflekkar på ein av møllesoklane. Fy søren! Han har gjort det utan å spørja eigarane om lov.

Så kjem ein lokal forfattar (Olaug Nilssen) og prisar dekorasjonen for dei fine opplevingane den gjev henne, medan ein annan lokal forfattar (Hans Sande) rakkar ned på møllene så godt han kan og tek Nilssen med seg i same slengen. Han ser møllene berre i eit skadeperspektiv.

Les også
Her får Olaug Nilssen sjå turbinkunsten. Reagerer på kritikk frå forfattarkollega

Men: Kunstnaren, Alexander Isdal Günther, har ikkje gjort anna enn å måla ei jente og nokre fivreld på ein sokkel. Han er ikkje på noko vis provoserande. Og skaden? Null. Dekorasjonen reduserer heller ikkje kraftprodukjonen. Vindmølla deisar ikkje i bakken av dei få penselstroka med måling som er påførde henne. Det vil vera barnsleg av mølleeigar å demonstrera si rigide regelmakt ved å måla over kunstverket. I staden bør han koma til avtalar med ulike kunstnarar og gje dei carte blanche til å dekorera alle møllesoklane på vilkår begge partar kan godta. I motsett fall er det freistande å be kunstnarar ta penselen i eiga hand i ly av kveldsmørkret. Då vil det legja seg eit forsonande skjær over Fitjarfjellet. Eg oppmuntrar ikkje til sivil ulydnad, men vert det gjort utan å skada noko eller å krenkja nokon, så la gå. Korkje Nilssen eller Isdal er ærendssveinar for vindkraftindustrien.

Les også
«Skulpturparken på Midtfjellet»

Om nokon opplever mindfulnes (fred i sinnet) ved å sjå på vindmøller, så la dei ha den opplevinga i fred.

Eg kan også bli fascinert av møller som sviv sakte, og av møller som har si eiga estetiske kraft uavhengig av formålet. Men motstanden min mot møllene vert ikkje borte av den grunn.

Olav Bjørkum

Les også
Tek kunstdebatten i neste veke